Trivst du som fisken i vatnet? Sjå her

Stavanger kommune treng fleire badevakter til bassenga i Finnøy og Rennesøy kommunedelar.

Det trengst fleire badevakter til deltidsstillingar i Rennesøy og Finnøy.
Publisert: Publisert:

Stavanger kommune søkjer etter fleire badevakter til vikariat på Finnøy og Rennesøy.

– Det er snakk om små stillingar med arbeidstid onsdag kveld, og nokre timar laurdagar og søndagar, seier John Arne Sæthre i Stavanger Idrett og utemiljø.

Han påpeikar at grundig opplæring vil bli gitt, men at ein må vere god til å symje og dykke for å meistre denne jobben.

– Me treng i alle fall å knyte til oss to nye badevakter, så me vonar at dei som tenkjer at dette er ein jobb dei vil meistre, tek kontakt med oss, seier Sæthre.

Publisert: