Øyposten har i haust blitt ein del av mediekonsernet Polaris Media. Der høyrer me til regionen Polaris Media Vest.

Nå har Polaris Media Vest AS tilsett Marit Kalgraf som administrerande direktør.

– Eg gler meg til å starte på oppgåvene og bli kjent med dei tilsette, seier Kalgraf i ei pressemelding.

Ho kjem frå jobben som redaktør i Vestnytt og Askøyværingen utanfor Bergen.

Polaris Media Vest blei i haust kraftig utvida då Polaris Media kjøpte 51 prosent av aksjane i Øyposten, Randaberg24, Vestnytt, Askøyværingen, Strilen og Bygdanytt. Frå før omfatta regionselskapet mediehusa Sunnhordland, Bømlo-nytt, Marsteinen og Stord24.

Kalgraf trur den nye regionen vil gi dei mindre avisene meir slagkraft.

– Nokre oppgåver som er utfordrande å få til i små aviser, kan me få til gjennom samarbeid, seier Kalgraf:

– Papiravisene er framleis viktige, men me skal satse digitalt for å sikre at lokalsamfunna har lokalaviser som tener innbyggjarane godt både nå og i framtida.

Polaris Media er eit skandinavisk mediekonsern som eig 79 mediehus, av desse 61 i Norge og 1 i Finnøy og Rennesøy.