Høyre om gratis båt, buss og tog: -Uansvarlig politikk
Høyres ordførarkandidat Sissel Knutsen Hegdal meiner posisjonspartia driv uansvarleg politikk, så lenge gratis kollektivtrafikk ikkje er skikkeleg utgreia.
FINNØY: -Dette er bare eit anslag, det er ikkje utreda av kommunedirektøren. Eg synes det er uansvarleg å gjera eit slik vedtak over bordet, når heilheten i kommuneøkonomien ikkje blir tatt i betraktning, seier Sissel Knutsen Hegdal.
-Me har sett før at Ap har gått på ein smell i slike samanhengar, sist dette var på tapetet skulle det kosta 250 millionar, påpeikar Knutsen Hegdal.
Knutsen Hegdal legg til at tilbakemeldingane frå Finnøy kommunedel er hyppigare rutetilbod og bedre drosjetilbud.
-Det er dette Høyre vil gå for, seier Sissel Knutsen Hegdal, som legg til at når det blir tappa så mykje frå sparekontoen til kommunen, er den snart tom.
-Vil Høyre ta bort gratis buss, båt og tog?
-Det er det for tidleg å svara på. Me er fem partier som skal samarbeida viss me kjem til makta, men eg vil ha kunnskap om konsekvensane av dette tiltaket, seier Knutsen Hegdal.
Venstre er for
Venstres Mette Vabø seier Venstre-gruppa kjem til å stemma for forslaget.
-Me er kjempepositive til tiltaket, men det er nokre spørsmål som like vel må stillast. Kvifor snakka dei ikkje med dei andre kommunane på Nord-Jæren, som er eit felles bustads- og arbeidsområde, og kvifor snakka dei ikkje med Kolumbus i forkant. Det verkar som dei her har skunda seg veldig, seier Mette Vabø.
Frps Leif Arne Moi Nilsen seier dette er så nytt at Frp ennå ikkje har fått tatt stilling til forslaget.
-Men viss me vinn valget kjem me til å fokusera på lovpålagte oppgåver, og betala for dei. Melløom anna kjem det ei eldrebølge som me må forbereda oss på. Dessutan skal me fjerna eigedomsskatten i løpet av dei fire neste åra, seier Moi Nilsen, som heller ikkje har heilt tru på at gratis buss, tog og båt bare skal kosta 200 millionar kroner.
Krf støttar forslaget
KrFs Henrik Halleland seier forslaget om gratis buss, båt og tog i Stravanger er eit kjempeforslag.
-Mer kjem til å støtta dette. Dette er eigentleg ei fylkeskommunal oppgåve som burde vore gjort for lenge sidan. Men når ikkje fylket handlar, er det rett av ein så stor kommune som Stavanger å gjera dette gratis, seier Halleland.