Enkelt forklart gir studiet kunnskap om korleis stimulering av forskjellige sansar kan brukast for å forbetra livskvaliteten til blant anna demente og eldre.

Framtidsretta

– Men og for personell i skule og barnehage, barnebustader eller dagtilbod for funksjonshemma. Også dei som lir av psykisk sjukdom kan få tilbod til meistring i kvardagen via teknologien. Utdanninga er utvikla for å auka fagarbeidarane sin kompetanse og bidra til høg kvalitet i tenestene i helse og omsorgssektoren, fortel Oddbjørg Lovra som er primus motor for studiet. Lovra er sjukepleiar og demenskoordinator i Suldal kommune.

Ved å kopla sansestimulering saman med teknologien i omsorgstenesta, vil eldre kunne bu lenger heime, vera friskare og ha eit betre liv.

– Dette er noko me vil sjå meir av i utdanninga av helsepersonell framover. Kvardagen vår blir stadig meir digital, det veit me sikkert, og me veit sikkert at det allereie er mangel på helsepersonell, og at dette ikkje blir betre i framtida. Det er ingen veg utanom denne utviklinga.

Velferdsteknologi er ei fellesnemning på ulike sensorbaserte eller digitale verktøy som bidrar til ein meir effektiv helse- og omsorgssektor.

Kan bremsa demens

Ved bruk av ny teknologi i omsorgsarbeidet vil ein vil kunne hjelpa langt fleire enn ved «tradisjonell» behandling

– Det stemmer. Generelt får demente lite stimulering, det er litt meir krevjande å jobba med denne gruppa. Evna til å oppleva naturlege sansestimuli vert redusert på grunn av sjukdommen, difor vil denne denne gruppa få spesielt god nytte av teknologien. Både smak, lukt, berøring, musikk og mykje anna blir brukt for å aktivera den kognitive delen av hjernen, som gjer at pasienten vil oppleva at meistring og livskvalitet får gode vekstvilkår. Det er òg vist at ved å stimulera sansane på rett måte, kan demenssjukdom bremsast i utvikling.

Ja takk, begge deler

Lovra fortel vidare at forsking seier at ved å stimulera sansar vil ein kunne betra evnene til å snakka og handla saman. I tillegg vil det verka positivt inn på søvn, appetitt og uro, og ikkje minst kan det redusera bruken av medisinar.

– Kva med dei varme hendene i omsorgssektoren?

– Det er ikkje snakk om varme hender eller kald teknologi, det er snakk om å bruka teknologien der den kan nyttast til det beste for pasientane. Det er ikkje anten eller, men begge delar.

Det er Ryfylke IKS saman med AOF-Fagskolen som tilbyr utdanninga.

Studiet er gratis og blir gjennomført over 2 år. Fullført utdanning gir 60 studiepoeng og tittelen «Fagskolegrad. Undervisninga føregår på kveldstid og kan såleis kombinerast med jobb. Undervisningsstad blir Hjelmeland, men eksakt kor i Hjelmeland, er ikkje bestemt enno.

Søkarar må anten ha fagbrev frå vidaregåande skule eller realkompetanse, og må vera fylt 23 år.

Oppstart i september.

Vil du vita meir; sjekk heimesida til MOR i Ryfylke som blir oppdatert fortløpande.