Knallstart for «Heim for ein 50-lapp» til Finnøy og Rennesøy

Det var fulle booka tax’iar til både Finnøy og Rennesøy natt til søndag. Ungdommane set stor pris på det billige tilbudet.

Rock Taxi klar for tur til Finnøy og Rennesøy frå byen natt til søndag.
Publisert: Publisert:

STAVANGER: Bak rattet denne natta sat Malin Nilsen, som hadde Rennesøy-ruta og Daniel Heymering, begge frå Rock Taxi, som hadde oppgåva å sørga for at ungdommane kom seg trygt heim til Finnøy og Rennesøy.

-Det er veldig greie ungdommar, det pleier å gå heilt smertefritt, seier Malin Nilsen.

-Køyrer de ungdommane heilt heim?

-Ja, det blir sightseeing rundt på Finnøy, seier Daniel Heymering.

Thea Vignes og Ingvild Kristoffersen Midtbø (t.v.) er glade for tilbudet.

Blant dei som skulle til Finnøy var Thea Vignes.

-Eg hadde ikkje kome meg heim viss ikkje dette tilbudet var. Det er alt for tidleg å reisa frå byen klokka 23, seier ho.

Den siste hurtigbåten til Finnøy går nemleg klokka 23, og etter det er det ingen kollektivtransport til øya.

Også veninna Ingvild Kristoffersen Midtbø skyter av tilbudet. Ho har vore eit år i Forsvaret, men bur nå på Finnøy.

-Eg trur fleire vil bruka tilbudet når det blir betre plass. Det har vore litt trangt før, seier Thea Vignes.

Det skal nemleg setjast opp minibuss med plass til 16 personar til Finnøy, mens det til Rennesøy fortsatt skal vera taxi’ar med plass til åtte personar. Men akkurat denne laurdagen var minibussen ute av drift, så dermed var det bare plass til 10 til Finnøy.

Også Ingvild Reiane og Kristin Holte Reianes set pris på tilbudet.

-Me bur på det øde Sørbø på Rennesøy, og dit går det ikkje buss om natta, seier dei.

-Veldig greie ungdommar, seier taxisjåfør Malin Nilsen, her saman med kollega Daniel Heymering som denne natta skulle køyra til Finnøy.

Ikkje utsleppsfritt, like vel

Trygve Håvarstein frå Vikevåg og Jonathan Seria frå Mosterøy hadde ikkje bestillt tur heim, men håpa like vel å koma med.

Hjem for en 50-lapp» til Finnøy og Rennesøy starta opp igjen natt til søndag den 2. april. Tenesta skal etter planen vare ut 2023.

-Dessverre fekk me ikkje til utslippsfrie bilar, det blir vanlege dieselbilar, seier Imme Dirks Eskeland i Klima- og miljøavdeling i Stavanger kommune.

Også rennesøyungdom kan reise heim for ein 50-lapp frå natt til søndag. Avgang i sentrum er som før, klokka 02.00 frå taxiholdeplassen i Kongsgata, mellom Domkirkeplassen og Klubbgata. Ungdom mellom 18 og 24 år betalar 50 kroner for taxituren. Ein maxitaxi vil køyra til Austre Åmøy, og ein maxitaxi køyrer til Mosterøy, Fjøløy og Sørbø.

Også her kan vaksne vera med viss det er plass, mot å betala 100 kroner.

-Heim for ein 50-lapp er ein fin og trygg måte å koma seg heim på for ungdom både på Finnøy og Rennesøy, sier Imme Dirks Eskeland.

Ingvild Reiane og Kristin Holte Reianes er glad for at taxi’en køyrer dei heilt heim til Sørbø på Rennesøy.

Kan bli avvikla i Rennesøy

-Bruken av tenesta var noko laber i fjor haust. Tilbakemeldingar me fekk var at dersom Finnøy-ungdommen skal ut, så er dei mange. Og då har ein maxitaxi vore for liten. Difor set me nå inn ein minibuss for å testa om det blir meir populært. Hvis det ikkje blir tilfelle, må me sjå på endringar som å ta i bruk ein maxitaxi igjen, legg ho til.

I Rennesøy var bruken veldig laber i fjor haust. Nå skal kommunen sjå på bruken i åtte veker fram mot sommaren, og eventuelt justere opplegget. Men viss tenesta ikkje blir brukt, kan det i verste fall enda med at tilbudet blir lagt ned, opplyser Imme Dirks Eskeland.

Finnøy-taxi’en klar til avgang.