Nå kan du søke om støtte til tannlege

Bur du i Stavanger kommune og har relativt låg inntekt kan du få kommunen til å betale deler av tannlegerekninga di.

Finnøy tannklinikk har plass til nye pasientar og ligg rett sør for Finnøy skule.
Publisert: Publisert:

Utvalg for helse og velferd i Stavanger kommune har innført ei søknadsbasert tannhelseordning der det er sett av 23,4 millionar kroner.

For å få støtte må du vere busett i kommunen og ha folkeregistrert adresse her. Du må vidare ha ei relativt låg inntekt.

Sjå alle detaljar om ordninga

Søknadsfristen er 30. september. Tannbehandlinga du søkjer om støtte til må vere starta etter 1. mars i år.

Ordninga gjeld for godkjende offentlege og private tannklinikkar i Norge.

Finnøy og Rennesøy har to offentlege tannklinikkar; Finnøy tannklinikk og Rennesøy tannklinikk, som er ein del av det fylkeskommunale føretaket Tannhelse Rogaland. Næraste private tannklinikk er i Randaberg.

Finnøy tannklinikk på Judaberg har OK kapasitet og plass til nye pasientar, fekk Øyposten opplyst då me ringde fredag og sjekka. Rennesøy tannklinikk i Vikevåg var stengt denne dagen, fekk me opplyst.

Publisert: