Handlar matvarer som aldri før, men ser på prisen

Omsetninga i dei største butikkane i kommunedelane er akkurat som før den kraftige prisveksten, til og med litt høgare.

Sjølv om matvareprisane har stige til vers, er det ikkje mindre handel i dei store butikkane i Finnøy og Rennesøy.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

FINNØY/RENNESØY: Men ein ting er annleis, folk handlar billegare varer.

Avtroppande sjef på Coop Extra på Judaberg, Sven Inge Goa, opplyser at i sist veke var omsettinga større en same veke i fjor.

– I veke 39 var talet på varer 8.91 per kunde, medan det var 8.53 varer per kunde i fjor. Altså ein svak oppgang. Nå er det rett nok ikkje relevant å samanlikna berre ei veke, men trenden er slik. Faktisk har omsettinga vore betre den siste halvannan månaden, samanlikna med same periode i fjor. Me har heller ikkje merka at det er færre folk i butikken, seier Goa til Øyposten.

Råvareprisane har auka kraftig etter at Ukraina- krigen var eit faktum. Samstundes har prisen på straum, drivstoff og transportkostnadar skote i været. I tillegg har renta auka kraftig og skal ytterlegare opp. Matvarene er i snitt 10 prosent dyrare enn i fjor.

Går mindre på restaurant

På Coop Extra i Vikevåg melder dagleg leiar Anita Henden også om god omsetning.

– Tala viser ikkje nedgang, men me merker at kundane har blitt meir prisbevisste, og vel rimelegare alternativ der det er mulig. Kanskje er det og slik at færre går på restaurant men lagar seg god mat heime i staden, til dømes i helgene. Det var ein trend me opplevde under pandemien, og det kan sjå ut som den held fram nå, seier Henden.

Billegvarer fyk ut

Heller ikkje KIWI på Finnøy eller på Mosterøy opplever nedgang i omsettinga. Også dei opplever ei god utvikling om dagen.

– Men me ser at kundane justerer på handlevanane sine. Tendensen er at fleire enn før vel rimelegare alternativ i dei kategoriane det finns fleire produkt å velja mellom. Vårt mål er å pressa prisane og sørga for å selja maten så billeg som mulig.

I tillegg erfarer me at halv pris-diskane har blitt ekstra populære. Det er ikkje lenge varene ligg der, før dei fyk ut. Det er bra for både lommeboka og miljøet. Nyleg byrja me å prisa ned gårsdagens brød og bakervarer til halv pris, seier kommunikasjonsrådgjevar i KIWI, Nora Mile Helgesen i ein epost til Øyposten.