Byfjordtunnelen var stengd på grunn av vogntog med problem. Foto: Sigbjørn Høidalen

Politiet kom til staden for å hjelpe med å lede trafikken forbi vogntoget. Dette førte til at det ikkje var behov for å halde tunnelen heilt stengd over lengre tid.

Ifølgje politikontakt Sven Erik Ellingsen blei tunnelen heilt stengt klokka 06.25, men så opna for dirigering klokka 06.55. Rett før klokka 8 var vogntoget berga, og tunnelen kunne opne att for normal trafikk.

Måndag kveld startar nytt arbeid i Byfjordtunnelen, og det vil vere manuell dirigering på nattetid i to netter. Dette vil føregå mellom klokka 21 og 06.

Over påsken er det planlagd manuell dirigering i tunnelen heile døgnet, som i Mastrafjordtunnelen førre veke. Det er enno ikkje kjend kva dag dei vil starte opp arbeidet. Asfaltskadar skal reparerast, dreneringa under vegbana skal skiftast enkelte stader og i tillegg skal det gjerast forarbeid til at delar av tunnelen skal asfalterast seinare i vår.

Då Mastrafjordtunnelen blei arbeida i, køyrde 8 ledebilar kontinuerleg og tok med seg trafikk frå begge sidene av tunnelen. Det var derfor ikkje store forseinkingar for bilistane, og arbeidet blei avslutta to døgn før tida.