Slik blir Vedums visitt

Finansministerens program i samband med Tomatfestivalen er klart.

Fredag klokka 11.50 opnar finansminister Trygve Slagsvold Vedum Tomatfestivalen.
Publisert:

– Finansministeren deltek under opninga av årets Tomatfestival på Finnøy fredag 18. august klokka 11.50. Etter opninga vitjar statsråden Lauvsnes gartneri, skriv Finansdepartementet i ei pressemelding tysdag.

Opningsshowet til Tomatfestivalen er lagt til kunstgrasbanen utanfor Finnøy skule. Der vil Vedum halde ein tale og springe saman med barna i ei tomatjegerløype, skriv Tomatfestivalen på sine nettsider.

Vedum har vore på Finnøy før, då han i 2013 gjesta Lauvsnes gartneri som landbruks- og matminister.

Etter besøket på Finnøy skule og Lauvsnes dreg Vedum vidare til Randaberg, der han klokka 14.30 deltek på eit ope møte på Randaberg kulturscene, skriv Finansdepartementet.

Temaet for møtet i Randaberg er korleis regjeringa kan bidra for å gjere lokalsamfunn meir inkluderande, trygge, robuste og berekraftige. Initiativtakarar er Landsbyforeningen, næringsforeining og ordførar, går det fram.

Publisert: