Joker Fogn har fått første sjølvbetente kasse i Finnøy
Butikkleiar Gunhild Hovda Grønås er svært godt nøgd med nyvinninga, og er imponert over fort kundane har teke til seg den nye måten å betala på.
- Oddbjørg Måland
– Så langt er det berre go`lydar å høyra. Det som er ekstra kjekt å sjå er at godt vaksne, den gruppa som eg kanskje ikkje trudde ville vera så ivrig på ny teknologi, er minst like ivrige som dei yngre, fortel Hovda Grønås.
Verda går framover
Det er ikkje lenge sidan butikkane hadde manuelle prislappar på alle matvarer. Betente kassar utan strekkodelesar. Betaling med kontantar, og for ikkje å snakka om sjekkheftet.
– Kva er grunnen til at de vil ha sjølvbetent kasse?
– Det er jo framtida og sjølvbetente kassar er ein naturleg vidareføring av utviklinga. Å bruka den nye kassen er kjapt og effektiv for kundane, men og for oss som jobbar i butikken er dette effektivt. Med den nye sjølvbetente kassen reduserast behovet for bemanning utan at det går utover servicen til kundane. Det betyr at det går heilt fint med éin tilsett på jobb i rolege periodar. Dessutan har me fått økonomisk støtte til investeringa gjennom Merekur-programmet.
Digitalisert handletur
Tom Kolbjørnsen bruker den nye kassa i butikken for fyrste gong. Han verkar komfortabel med teknologien og gjer seg i kast med skanninga.
– Pip-pip-pip..... Ja, eg har jo gjort dette før, så det er ikkje heilt ukjent, fortel Kolbjørnsen i det han rutinert ordnar opp med varene.
– Men det er nye tider på Fogn dette, smiler han.
Om få dagar er nye og moderne frukt -og grøntdiskar med dører, på plass i butikken.
– Både diskane og sjølvbeteningskassen er investeringar me tek no og som vil gi oss gevinst på litt sikt, seier butikkleiar Gunhild Hovda Grønås.