STAVANGER: Stavanger KrF hadde sitt nominasjonsmøte 25.januar 2023.

Tidlegare ordførar i Finnøy, Henrik Halleland, toppar som forventa lista. Han er ein erfaren politikar, men god kontakt med folket.

Plassen etter er Anne Kristin Bruns,  som gleder seg til ei ny periode og ønsker å gjere ein jobb for KrF. Dei to første er kumulerte.

Etter henne er det ein nykommar, Kjell David Blanchard, som er tilsett ved fagskulen i Stavanger. Han har i denne perioda vore 1. vara til Utval for oppvekst og utdanning, og er nykommar.

Ungdomskandidaten er Therese Egebakken som tidlegare har vore aktiv i KrFU, men dette er fyrste gongen ho stiller på ei kommuneliste.

På femteplass har vi Ingrun Eikeland, som har lengst erfaring frå politikk gjennom formannskap og kommunestyre i Farsund for KrF. Ho har no flytta til Stavanger og ser positivt på å gjere ein innsats her.

Heile 21 av dei 52 listekandidatane er frå Finnøy eller Rennesøy kommunedelar. Det er Henrik Halleland, Finnøy, Jostein Eiane, Rennesøy, Ole Johan Settem, Finnøy, Askild Eggebø, Finnøy og Heidi Urtegård, Finnøy.

Einar Vastveit, Finnøy, Asgeir Ladstein, Finnøy, Sissel-Marie Bjerga, Finnøy, Kåre Ekroll, Finnøy, Ingrid Eiane Setvik, Finnøy, Torbjørn Bø, Rennesøy og Magnus Jansen Bru, Rennesøy.

Rose Iren Settem, Finnøy, Erik Reilstad, Finnøy, Christoffer Inge Hovda, Finnøy, Merete Skibenes, Rennesøy, Åge Vårdal, Finnøy, Hild Eiane, Rennesøy, Anbjørg Sørbø Larsen, Rennesøy, Kjell Nes, Finnøy og Håvard Østhus, Finnøy.