Dette bygget har endra bruksområde fleire gonger dei siste åra. På ti år har bygget vore skule, barnehage og no blir det snart lager for museumsgjenstandar. Foto: Silje Talgø Klakegg

Det er gamle Hesby barnehage som no skal bli den nye heimen til Finnøy bygdesamling. Samlinga skal oppbevarast i andre etasje av bygget.

Kultursjefen skriv i sitt vedtak at «me deler Ryfylkemuseet sitt ønskje om å få til ein felles oppbevaring av gjenstandane frå Finnøy og Rennesøy kommunedelar. Me er innforstått med det prekære behovet for å finne ei ny lagringsstad, og er etter synfaringar på Finnøy forsikra om at lagring i Hesby barnehage vil vere bra for gjenstandane».

– Spesielt for samlinga på Finnøy, er at det er mange gjenstandar knytt til skulebruk, seier Arp Schmitt, avdelingsleiar i Ryfylkemuseet. Han vonar at dei i prosessen med flyttinga, vil få ein betre oversikt over gjenstandane, og han vil be om hjelp frå lokale til kanskje å innhente meir bakgrunnsinformasjon om objekta i samlinga.

– Samlinga er i dag oppbevart i ei brakke på Judaberg, og den har per i dag ikkje gode vilkår for bevaring over lang tid. Det er for det meste gjenstandar frå slutten av 1800-talet og starten av 1900-talet. Det var viktig at me fekk ein betre stad å oppbevare dei.

Hesby barnehage opna i 2016, men blei lagt ned i 2022. Sidan då har bygget stått ubrukt.

Tidlegare har bygget vore nytta som skule, fram til 2016.