Luftledning på øyane går heilt greitt, meiner NVE
NVE kan ikkje sjå nokon problem med å byggja luftledningar over Finnøy, opplyste Lnett i kommunalutvalet i Stavanger.
FINNØY-RENNESØY: Det opplyste myndighetskontakt Børre Dybesland frå Lnett under ei orientering for kommunalutvalet i Stavanger tysdag.
I møtet viste Dybesland til vurderinga NVE har gjort på strekket Krossberg via Randaberg til Rennesøy.
«NVE kan ikke på bakgrunn av gjennomførte utredninger og høring av søknaden se at det er delstrekninger som i dag utpeker seg som unntakstilfeller etter gjeldende retningslinjer for kabel som alternativ til luftledning og tidligere praksis i tilsvarende saker», heiter det i vurderinga frå NVE.
-Det er ein ganske klar beskjed, påpeika Dybesland, som la til at NVE ikkje har bedt Lnett om å søka på kabel over Bru, Mosterøy og til Rennesøy.
-Det kunne dei har gjort viss dei meinte det var fornuftig, la han til.
Kommunen må på banen
Børre Dybesland var difor klar på at viss det skal bli snakk om kabel, så må den finansierast av kommunen, og kommunen må raskt på banen.
Dybesland peika på at nettet til øyane er gammalt, og at det er behov for ny kraftforbindelse.
-Det er mange som treng straum, og det er mange som ikkje får straum. Dei må venta til me byggjer nytt nett. Det er tilknytingsstopp både i Finnøy, Rennesøy og Randaberg, påpeika han.
Slik framdrifta er nå trur Lnett at det kan vera på plass eit nytt nett til Finnøy og Rennesøy i 2028.
-Men gjentakande diskusjon rundt kabel, bidreg ikkje til framdrift. Det forsinkar oss, og det er noko me har lyst til å unngå, sa han, og påpeika også at kabel over dyrka mark vil bety erstatning til landbruket. Under luftlinjer kan du fortsatt driva landbruk, sa han.
Restriktive retningslinjer
Dybesland var oppmerksom på at mange ønsker kabel, men det er restriktive retningslinjer for dette bestemt av Stortinget.
-For oss, som held på i mange kommunar, er det viktig å vera raklige og likebehandla dei ulike kommunane, understreka han.
-Når NVE har gitt oss endeleg konsesjon, så byggjer me det me har fått konsesjon på. Me kan ikkje då ha ein ny runde om at det må leggjast jordkabel like vel. Det har me ikkje tid til, så de må på banen, la Dybesland til med adresse til Stavanger-politikarane.
Ingen spesielle utfordringar med luftlinjer
På Finnøy er ikkje prosessen komen så langt. Men Dybesland påpeika at NVE var med på befaring og dei ser ikkje spesielle utfordringar med å gå over øya med luftledning.
-Me har ikkje behandla den saka ennå, men ifølge NVE er det fullt mulig å byggja luftledning her, sa han.
Dybesland minna også politikarane på at det ikkje vare nokon planar om gang og sykkelveg frå Nådå fram til Ladstein, og heller ikkje frå Hanansand mot Eltarvåg på Rennesøy.
-Det går an å kombinera, men me kan ikkje byggja sykkelveg eller forskuttera den, understreka han.
Etter orienteringa var det fleire av politikarane som meinte kommunen må koma på banen med pengar til jordkabel.
-I Klepp kostar det 40 millionar for seks kilometer, viss det var tilsvarande på øyane ville me kome ganske langt, sa Henrik Halleland (krf), og fekk støtte frå Jon Peter Hernes (h) om at kommunne må bla opp.
Dybesland påpeika også at kommunen bør peika ut områder kor det er viktig å få kabel, og han la til at Lnett ser det som aktuelt å byggja luftlinjer litt lenger oppe på Finnøy for å unngå strandsona.