Nytt gardsutsal på Finnøy

Sist veke opna Steinnes Tre sin lenge etterlengta gardsbutikk. I nytt lokale heime på garden på Steinnes har Roxana og Jakob god plass til å visa fram dei unike handverksprodukta sine.

Jakob og Roksana Steinnes i egenproduserte stolar i den nye gardsbutikken.
Publisert: Publisert:
Sauene er blant bestseljarane

Vertinnegåver

Treprodukta i gardsbutikken er unike og fins i liten grad i andre butikkar. Hittil har dei selt varene sine frå produskjonsrommet, facebook og på ulike arrangement rundt om i distriktet. Snart opnar dei opp for nettsal.

– Det funka det, men var ikkje optimalt, sjølv om salet både på Tomatfestivalen og på Talgje-dagen gjekk bra. Men det er sjølvsagt mykje betre å ha ein permanent plass kor folk kan komma til butikken og ta heile sortimentet i augesyn når dei sjølve ønskjer, seier Roksana.

Populære sauer

I fjor investerte ekteparet i ein ny, stor laserprinter som kan skjæra ut mest kva som helst i trefinèr. Det er berre å lasta ned oppskrifta frå ei digital fil på pcen og starta maskinen. Resultatet blir like perfekt kvar gong, og det er enklet å produsera store mengder. Alle produkta i butikken er laga på laserprinteren.

Stolar til dei aller minste

Mange kunder ønskjer seg spesielle ting som skal passa inn i eit spesielt miljø. Det kan vera alt frå eige design til ein enkel inngravert logo.

– Ofte klarer me å innfri. Det er ein av tinga som gjer det kjekt å jobba med ein slik produksjon.

– Kva er det folk flest vil ha?

– Det varierer sjølvsagt, men nå i juletida går det naturlegvis ein del juletre, skjærefjøler eller bruskassar. Elles er sauene alltid populære, dei lagar me i forskjellige storleikar. Dei passar inn i alle interiør uansett stil, forklarer Roksana.

Julepynt og smågåver

Den kresne kjøkenskrivaren kan få seg ei stor, kraftig og forsegjort skjærefjøl i lerk.

– Dette er eit «statement» på kjøkenbenken, og vil garantert vara livet ut. Det går det ikkje an å slita ut denne, smiler Jakob.

Kan bli møblar

Sidan Jakob er møbelsnekkar går han med tankar om å produsera møbler, ikkje mange og ikkje store, men spesielle. I butikken har dei utsilt to prøveksemplar.

– Desse stolane innbyr kanskje ikkje til å slenga ned i, men dei er heilt rette ergonomisk, forklarer han.

Som med dei andre produkta er stolane unike, og moderne i uttrykket. Dei kunne like gjerne vore utstilt i ein kul møbelbutikk i byen.

– Det er faktisk ein del som har vore ineterssert i dei. Me får sjå, kanskje bli møbler det neste, avsluttar Jakob Steinnes.

Teksttavler. Her kan kundane få sin eigen tekst.

Butikken er sjølvbetent og har ope frå klokka 10 00- 2200