Av Oddvar Vignes

Ein dag eg skulle ta båten til Sauda kom eg i snakk med ein kar på kaien. Eg er eigentleg litt folkesky, men finn meg stadig i situasjonar der eg havnar i drøs med andre. Eg fortalte litt kva eg skulle ut på og han om kvar han skulle sette kursen. Då eg fortalte at eg skulle skrive litt om ryfylkehumor skein han opp. «Då er vel Jon Arne Helgøy med? Det må han jo vere». Eg sa at det var eg for så vidt einig med han i, så vart ikkje meir snakk for båten var i ferd med å legge til. På båten vart eg sitjande å tenkje på Jon Arne, alle historiene han har fortalt og kva han har betydd for folk i Ryfylke. Han er ein legende innan humoren i Ryfylke, men han er ikkje den einaste. Det er mange store historieforteljarar i Ryfylke, men for meg er ingen større enn Olemann.

Eg kan ikkje hugse fyrste gongen eg traff Olemann, han har på ein måte berre alltid vore til stades. Det er for så vidt sant, i alle fall i mitt liv. Då eg vart fødd hadde Olemann rukke å verte ein vaksen kar. Han dreiv med stut, men eg forstod tidleg at det var sauer som verkeleg fekk sving på sjela hans. Men det var ikkje arbeidet som var spanande med Olemann. Det spennande var kva historier han ville fortelje når han var innom foreldra mine. Det var ikkje berre eg som var spent, det låg ei forventing i lufta når Olemann kom inn i rommet. Far hadde plutseleg god tid. Alle hadde god tid når Olemann sette seg ned rundt kjøkenbordet på Nordre Vignes.

Olemann rant over av beskrivelsar av folk og hendingar. Han var dårleg på namn, men desto betre på å få oss til å forstå kven han beskreiv. For meg som ein ung gut med ein draum om å få folk til le, var det fantastisk å sjå han i aksjon. Med ein sjølvutslettande sjølvironi kunne han få dei rundt bordet til å knekke saman av historier om dansar, gardsliv og kvardagsliv. Han kunne få sjølv den kjedelegaste hendinga til å framstå som ein fest. Eg tenkte ofte at den som kunne fortelje som Olemann, han ville ende som ein lukkeleg mann.

Han er kanskje den som for meg i vaksen alder synleggjer kva humoren i Ryfylke handlar om. Eit lysglimt i ein travel kvardag, bearbeiding av nestenulukker på garden og ein brutal galgenhumor når det enda gale. Men den handlar og om dei som levde før og situasjonar dei var oppe i. Eg er ganske sikker på at det er mange menneske eg knapt hadde høyrt om, var det ikkje for Olemann. I alle fall er det mange hendingar eg aldri hadde høyrt om hadde det ikkje vore for stundene på kjøkkenet eller i sauehuset.

Menneske som Olemann forsvinn aldri, dei lev vidare gjennom historiene som vert fortalt rundt kjøkkenborda i Ryfylke. Og på Nordre Vignes, der kjem det til å verte ledd av historiene til Olemann lenge etter at han er borte. Det kjem ikkje til å verte like morosamt som når han fortalde dei sjølv, men det er heller ikkje mogleg. Det vil alltid berre vere ein som kunne vere Olemann på Vignes, det var han sjølv.

Kvil i fred.

(Teksten er noko endra sidan han stod på trykk i årsboka til Ryfylkemuseet i fjor.)