Bruktmarknad i Fleirbrukshallen for tredje gong
– Me er på god veg mot ein tradisjon. Målet er at bruktmarknaden skal arrangerast i Fleirbrukshallen kvart år, seier Ylva Iren Jacobesen som er medansvarleg for årets arrangement.
FINNØY: Fyrstkomande laurdag har du anledning til å gjera eit bruktkupp.
I år som i fjor går overskotet frå marknaden til organisasjonen Med Hjerte for Madagaskar som Ylva Iren etablerte i 2016.
Eit godt formål
Overskotet frå bruktmarknaden går til skulegang, levekostnadar, lønningar, klede og skulemateriell til skulen som organisasjonen driv på Madagaskar. Etter arrangementet i fjor blei det sendt over 30 000 kroner til Ylva sin organisasjon.
– Ein manns skrot er ein annan manns skatt, heiter det jo, smiler Ylva og fortel at lopper av alle slag kan leverast i Fleirbrukshallen frå fyrstkomande fredag ettermiddag. Prisane bestemmer den enkelte, det er ingen rammer gitt av arrangøren. Er det nokon som vil bidra med kaffi, kaker eller gevinstar til utloddinga, er me sjølvsagt svært glade for det.
Selg sjølv
Det går og an å kjøpa seg eit bord kor du kan selja dine eigne lopper, eller kva det måtte vera, for 200 kroner. Då må du vera til stades og selja sjølv. Prisen for bordet går til organisasjonen, medan beløpet du sel for er ditt.
– Me håper på same suksess som i fjor. Gjenbruk er aktuelt som aldri før og eg trur mange vil innom for å sjå. Det er fullt mogleg å gjera eit kupp ein slik gong. Sjølv sikra eg meg ein superkul lampe i fjor, som eg er kjempeglad for, smiler Ylva Iren Jacobsen.
Lopper som ikkje vart selde blir levert til NLM sin gjenbruksbutikk i Vikevåg.
Du kan lesa alt om arrangementet på facebooksida Med hjerte for Madagaskar.