Ein delegasjon frå bystyret i Stavanger er i Ukraina for å knyte kontaktar i høve hjelpearbeid. Med på reisa er varaordførar Henrik Halleland frå Finnøy.

Natt til søndag gjekk flyalarmen då delegasjonen var i hovudstaden Kyiv.

Halleland skriv dette i ei tekstmelding til Øyposten søndag morgon litt før klokka 9:

«Det går bra her. Fikk en tur i bomberom i natt og en ny runde nå.»

Då flyalarmen gjekk ved firetida lokal tid måtte den norske delegasjonen søke dekning i hotellets tilfluktsrom i sentrum av Kyiv, skriv Stavanger Aftenblad.

Halleland skriv vidare i tekstmeldinga:

«Vi tar tog til Lviv i dag og reiser hjem i morgen. Har vært ein veldig lærerik og tur. Vi er heldige i Norge som har fred. Vi har møtt et folk som er utrulig tapre og stolte over landet sitt, men begynner å bli trøtte av krig. Slava Ukraina. Snakkes når vi kommer hjem.»

Kyiv aktiverte luftvern då byen blei råka av russiske rakettar natt til søndag. Over heile byen høyrdest smell frå antiluftskyts, skriv Aftenbladet, som er med på turen:

– Frå Aftenbladets hotell på Majdan-plassen i Kyiv sentrum er det ingen øydeleggingar å sjå i det dagen gryr ved sekstida søndag morgon, skriv Aftenbladet.