Utsetter tunnelvask
Mange bilistar blei overraska av manuell dirigering i Finnfast måndag. Rogaland Fylkeskommune blei også overraska, for arbeidet skulle ikkje finne stad så snart.
Øyposten hadde heller ikkje registrert at det skulle vere tunnelvask igjen. Første hint om at noko skulle hende i tunnelen, var eit plutseleg skilt på Talgje i dag morges då journalisten skulle køyre på jobb litt før åtte.
Vel framme på jobb, blei Statens vegvesen sine nettsider granska nøye for å finne meldinga om manuell dirigering, men denne meldinga finst ikkje.
Då ringde Øyposten til Statens vegvesen for å spørje dei kvifor dei ikkje har varsla om manuell dirigering. Marianne Hove i Vegtrafikksentralen kunne informere om at dei akkurat hadde fått inn varsel om arbeid i tunnelen.
– Meldinga kom til oss etter at arbeidet er starta. Eg veit ikkje kvifor meldinga kom så seint, seier ho, og påpeiker at dette er for sein varsling.
– Her har det blitt gjort noko feil.
Fylket beklagar
Anne Karin Gundersen, byggeleiar i Rogaland Fylkeskommune beklagar at dei sette i gang arbeidet utan varsling denne gangen.
– Me har kalla tilbake dei som har starta arbeidet, og vil ikkje gå i gang att med jobben før det er skikkeleg varsla. Det har skjedd ein svikt i kommunikasjonen mellom oss og Presis Vegdrift, og dette har ført til at arbeidarane var for kjapt ute og starta på jobben. Me skal sjølvsagt varsle på førehand, sånn at folk veit om at dei vil møte manuell dirigering. Meldinga om tunnelvask blei sendt på fredag.
Ho legg til at det ligg an til at arbeidet vil starte opp at på måndag 25. september, men at dei vil gi beskjed skikkeleg dersom dette blir endeleg bestemt.
Kart som visar Finnfast:
Meir frustrasjon enn sist
Sist gang tunnelane blei vaska, var for tre månader sidan, og den gangen var også frustrasjonen stor. Fleire kunne den gangen melde om at reisa mellom Talgje og Finnøy kunne ta fleire timar.
Den gangen skreiv Aftenbladet om saka. Det er altså god grunn til å tru at både Rogaland Fylkeskommune og Statens vegvesen veit at ein plutseleg halvstengd tunnel vil skape frustrerte øybuarar.
Byggeleiar Anne Karin Gundersen sa den gongen til Aftenbladet at dei ville evaluere tunnelvasken i ettertid, for å sjå om dei kunne gjere noko annleis neste gang.
Neste gang er no, og frustrasjonen synast å vere større enn sist. Dette på grunn av manglande varsling, i tillegg til at ventetida i seg sjølv er ein tidstjuv.
Manglande varsling
Sveinung Haraldseid er ein av pendlarane som fekk dagen prega av den plutseleg stengde tunnelen i dag morges.
– Eg er glad for at dei vaskar, men det er jo heilt umogleg å planleggje livet som pendlar når me ikkje får vite om dette før det står i Øyposten og vaskinga allereie er i gang.
Også ein annan pendlar delar sin frustrasjon med Øyposten.
– Eg er frustrert over at dei ikkje kan sei ifrå i forkant, seier Erik Flesjå-Johansen som blei ståande på Finnøysida då han skulle reise på jobb i dag.
– Eg visste ingenting om dette før eg møtte den stengde tunnelen.
Flesjå-Johansen slepp gjennom tunnelen etter om lang ti minuttars venting.
Mykje venting
Samstundes, på Talgje, sat ei småbarnsmor i bilen sin og venta på følgjebil då ho skulle køyre eldstesonen til skulen. Etter eit kvarter minuttar hadde endeleg følgjebilen kome, og han leda dei ned til botn av tunnelen der dei måtte vente 25 minuttar til.
Fleire bilistar meldar om ei ventetid på rundt ein halvtime kvar veg.
– Dette blir mykje ventetid når me som bur på Talgje må køyre fleire gonger av øya kvar dag, først på jobb og sidan på aktivitetane til ungane, fortel ei frustrert mor som bur på Talgje.
– Når det heller ikkje blei varsla om, er det vanskeleg å vite at me skulle lagt inn ekstra tid for å kome tidsnok dit me skal, seier ho.
Edle Skavland meiner at stenginga burde vore gjort på nattetid. Ho er dagleg leiar på Skavland Gartneri, og meiner at den stengde tunnelen skapar problem for næringslivet i øyane.
– Slik det er no, betaler næringsliv og privat logistikk for at Statens vegvesen skal spare litt pengar, seier ho.
For tre månader sidan sa Byggeleiar Gundersen til Aftenbladet at det ikkje var ei sjølvfølgje at stenging ville gjerast på dagtid neste gang. Ho poengterte den gongen at dei står fritt til å stengje på dagtid sidan årsdøgntrafikken er på under 5000. ÅDT i Finnfast er om lag 1700, ifølgje tal frå trafikkdata.
Ny kontrakt i 2022
Det var i 2022 Presis Vegdrift overtok kontrakten for drift og vedlikehald i Finnfast. Kontrakten gjeld for 5 år.
Ein lesar som Øyposten har hatt kontakt med, påpeiker at ho har budd på Talgje sidan 2016, men at ho aldri har opplevd slike problem når det har vore manuell dirigering tidlegare. Andre meiner at det alltid har vore trøbbel når Finnfast stengjast periodevis, til dømes på grunn av tunnelarbeid.
Anne Karin Gundersen stadfestar at dei skal ta ein gjennomgang av rutinane hos Fylkeskommunen.
– Dette har ikkje vore godt nok, seier ho, og beklagar at dette har skapt problem for enkelte.