Fotball er kjekt, synest mange ungdommar på Finnøy. Bilete er frå Grieg sin fotballdag i september. No kan dei eldre ungdommane delta på fotballcup i Stavanger. Foto: Silje Talgø Klakegg

Uteseksjonen prøvar å skape positive møtestadar for ungdom i Stavanger kommune. I den anledning arrangerer dei fotballcup der laga skal bestå av fire utespelarar pluss keeper.

– Sidan eg begynte å arbeide på Finnøy, har eg merka at fotballkulturen er viktig blant ungdommane. Her får me moglegheita til å vise fram noko me brenn for og er flinke til, seier Arrelano til Øyposten.

Santiago D. Arrelano driv fritidsklubben på Finnøy. Han ønskjer å stille med eit lag på uteseksjonen sin fotballturnering i haustferien. Foto: Oddbjørg Måland

Uteseksjonen er eit lågterskel hjelpetilbod til ungdom mellom 12 og 25 år. Fotballcupen skal vere ein stad å treffe andre ungdommar på tvers av kommunedelar, og denne går føre seg onsdag i haustferien på dagtid. Dei legg her til rette for at ungdommar skal få positive opplevingar saman med trygge vaksne.

Her er det bare å brette opp fotballtrøye-ermene og melde deg på. Det kan fort bli ein kjekk dag. Påmeldingsfristen er 29. september. Ta kontakt med Santiago D. Arrelano viss du vil vere med.

Kart som visar Storhaug Idrettshall: