FINNØY: Øyposten treff dei fem under spisepausen måndag morgon, og alle gir uttrykk for at det er bra å koma i gang med arbeidet igjen.

Fire av dei var tilsett i det konkursramma Kvia Entreprenør, og hadde jobb med betongarbeidet på sjukeheimen.

-Det har vore opp og nedturar etter konkursen, seier arbeidsleiar Martin Tendenes til Øyposten.

Startar der dei slapp

-Fanmtastisk å vera tilbake i jobb, seier Kristian Haaland (t.v.). Håvar Reime, Martin Tendenes, Olav Sør-Reime og Ove Undheim. Foto: Rune Nedrebø

Sikker på nokon ny jobb var dei ikkje før sist veke, men nå er dei klar til å starta der dei slapp.

-Først må me områ oss litt, og sjå kva utstyr me treng. Men det blir drift alt frå i dag, seier dei.

Arbeidet nå bestå i forskaling, og ifølge Tendenes vil dei har arbeid i cirka eit år framover på Finnøy.

– Me skal også gjera ein jobb i den eksisterande sjukeheimen, seier han.

Martin Tendenes berømmer Stavanger kommune for at dei tilsette som blei ramma av konkursen er tilbake i jobb igjen.

Det er det nystarta Norrøn Betong som tek over jobben etter Kvia Entreprenør, som gjekk konkurs for ein månad sidan. Foto: Rune Nedrebø

Rosar kommunen

-Kommunen har vore veldig velvillig for å få dette til raskt, seier han.

Arbeidsstokken på nybygget vil variera frå seks til tolv mann.

Rørheim Maskin, som har grunnarbeidet på sjukeheimen, er også glade for at arbeidet nå er igang igjen.

-Nå ligg det truleg ikkje an til så lenge stopp for oss heller, som det kunne blitt viss det skulle blitt ein ny anbudsrunde, seier Alf Magnar Røheim.

Rørheim Maskin skal mellom anna leggja bånnledningane og fylla inntil nybygget. Det siste skulle vore gjort i januar-februar, men når reknar Rørheim med at det kanskje blir utsett til mars.