I dag starta streiken for meir enn 1000 tilsette i 112 private barnehagar.

Det er pensjonsordninga til dei tilsette i private barnehagane som er årsaka til konflikten.

Ikkje til barnas beste

– Me ønskjer å få på plass ein avtalefesta pensjon slik som kollegaene våre i kommunale barnehagar har, seier Edland Skibenes til Øyposten.

Så langt har Fagforbundet, Utdanningsforbundet og Delta teke ut medlemmar i Oslo, Østfold, Trøndelag, Rogaland og Vestlandet. Blant anna i NLM-barnehagen Lasseliten i Stavanger.

– Førebels har me ingen signal som tilseier det blir streik i vår barnehage, men blir ikkje partane einige vert streiken trappa opp ytterlege på torsdag, med 500 nye tilsette ut i streik. Då kan det bli vår tur neste veke.

Det var kjent før meklinga starta at pensjon ville vera eit sentralt spørsmål.

I tillegg tilpensjonen er me uroa for den nye økonomiforskrifta som nylig var ute på høyring. Private barnehagar har strammare økonomi enn dei offentlege fordi staten kompenserer for utgiftene til pensjonsordninga. Viss forslaget til den nye forskrifta blir vedteken, betyr det endå strammare økonomi for private barnehagar. Forslaget tek utgangspunkt i at kommunane skal ta støre ansvar for dei statlege overføringane, og det trur me vil betyr mindre pengar til private barnehagar. Ikkje fordi me ikkje trur på kommunen, men fordi dei har det tøft sjølve. Skulle så skje vil me ikkje ha same frihet til å tilpassa bemanning og barnegrupper etter borna sine behov. Forsking, og staten sine føringar, er tydelege på at me skal tenka tidleg innsats og barns beste i alt me gjer, men då trengs det handlekraft, nok vaksne og mindre bornegrupper tril dømes. I fleire private barnehagar har ein auka bemanning medan borna er små, då vert dei raskare trygge, lærer meir og utviklar seg betre. Dette fører til mindre behov for ekstra ressursar seinare.

Krevjande

– Kva skjer viss barnehagen blir tatt ut i streik?

– Då må me vurdera om klarer halda barnehagen open delar av dagen med redusert barnegruppe. Dette vil diverre gå ut over det pedagogiske tilbodet og bli utfordrande for foreldra, borna og oss. Me håper å unngår dette, seier leiar i Utsyn barnehage Merete Edland Skibenes.