Gifta seg med stil på Rennesøy i helga: Nora stilte med sjølvlaga brudekrone
Nora Surnevik Reiersen har i vinter hatt lange dagar på verkstaden til Folke Helle for å lage sølvpynt til sitt eige bryllaup.
Dei kom til festen på ein Tempo motorsykkel, som er interessa til mannen, Arne Mikàl Surnevik Reiersen. Sølvpynten, toppa av ei nydeleg krone, var laga i minste detalj av kona, Nora Surnevik Reiersen.
Laurdag gifta dei seg i Sørbø kyrkje på Rennesøy.
– Bryllaupet gjekk strålande. Det blei ein flott dag med venner og familie, seier Nora til Øyposten dagen derpå.
Personleg uttrykk
Til dagleg jobbar Nora som filigranssølvsmed hos Folke Helle, sølvsmeden på Finnøy. Ho hadde difor sjeldan gode føresetnader for å gjere noko spesielt med pynten til seg og brudgommen.
– Eg har fått bruke verkstaden etter arbeidstid og har hatt ganske mange lange dagar for å bli ferdig, seier Nora.
Til mannen laga ho ein hornring og ei skjalsnål. Til seg sjølv gjorde ho ei sølje og krona på verket; ei brudekrone:
– Krona er sett saman av 398 delar. Alt er laga av anten sølvtråd eller sølvplate.
Ho sydde sin eigen brudekjole òg:
– Eg klipte blant anna opp mammas gamle brudekjole og laga ein korsettopp, så det blei veldig personleg.
Blir sørbøbuar
Nora gjekk først i lære hos Folke Helle for åtte til ni år sidan. Etter svenneprøva har ho jobba der fast.
– Eg trivast så godt i den jobben, seier Nora.
Folke Helle er ei familieverksemd med unntak av Nora, men ho kjenner seg som ein del av familien.
Nora er frå Rennesøy og mannen Arne frå Ålgård. Nå har dei kjøpt hus på Sørbø og skal bli sørbøbuar.
– Måndag og tysdag har eg fri for å rydde og få overblikk på gåver, kort og gjestebok, fortel Nora.
Om to og ei halv veke ventar bryllaupsreisa:
– Me dreg først til Barcelona og så på cruise ned langs italiakysten. Då blir det får me tru litt mindre stress enn å ordne til bryllaup. Me gler oss masse.