Ingen ville arrangera «Barnas Sommer» i Finnøy, men Mastra ville
Det var ingen som melde seg til å arrangera «Barnas Sommer» frå Finnøy kommunedel. I Rennesøy har Mastra trødd til i veke 32.
FINNØY-RENNESØY: Barn frå Finnøy kan likevel melda seg på dei aktivitetane som er. Programmet blir lagt ut klokka 15 i morgon, onsdag, og det er første mann til mølla.
-Påmeldinga skjer direkte til arrangørane, opplyser Kjerstin Ropeid i Stavanger kommune til Øyposten.
Kommunen oppfordra spesielt lag og organisasjonar i Finnøy og Rennesøy til å melda seg, men det var ingen frå Finnøy som melde seg då fristen gjekk ut.
Ifølge Ropeid skal Mastra Idrettslag ha eit variert og godt program den andre veka i august. Det blir også servert mat.
-Me held av nokre plassar til låginntektsfamiliar, opplyser Kjerstin Ropeid.