Torsdag og fredag kan det kome særs mykje snø på deler av Vestlandet, melder Meteorologisk institutt.

Snøbyene startar nord på Vestlandet og trekker sørover natt til torsdag. Eit lågtrykk over Austlandet sender skyene i ein spiral mot klokka rundt heile Sør-Norge.

I Finnøy og Rennesøy skal det begynne å snø i 8-tida torsdag morgon. Til saman skal det kome 10 til 15 centimeter snø torsdag og fredag, så ekstreme mengder er det ikkje snakk om.

Laurdag kveld skal det slå om til mildvær og regn, så då kan det bli særs vanskelege køyreforhold, trur Øyposten.

Værvarsel for Finnøy dei neste dagane. Foto: Yr.no