Statens vegvesen har laga ein video om arbeidet med Rogfast som i desse dagar blir vist på ferja mellom Mortavika og Arsvågen.

* Sjå videoen øvst i saka

Her er nokre fakta frå presentasjonen:

  • Rogfast opnar i 2033, om nøyaktig ti år.

  • Tunnelen blir 26,7 kilometer lang.

  • På det djupaste vil tunnelen gå 390 meter under havets overflate.

  • Tunnelen kortar ned reisetida mellom Stavanger og Haugesund med 40 minuttar.

Me kan legge til at tunnelen vil føre til drastisk mindre trafikk i Rennesøy, sidan E39 til Mortavika blir lagt ned.