Frå venstre: Marius, Johannes, Anders, Ylva og Håkon. Flinke ungar som reddar naturen litt. Foto: Anita Fjukmoen

Denne gjengen med unge talgjebuar nytta søndagen sin på å rydde ved Melingsvågen på Talgje. Målet er å få vekk plasten frå naturen, for der høyrer han ikkje heime.

Marius, Johannes og Ylva Fjukmoen Undheim og Håkon og Anders Eiane Setvik gjorde ein massiv innsats for miljøet.

Det var litt kaldt og det blåste, men motivasjonen for å gå på tur blir berre større når ein gjer noko bra for nokon andre.

Gjengjelda var at dei fekk kvar sin is hjå Gard gartneri når dei var ferdige.

Ungane var skikkeleg flinke og fjerna fleire kilogram med plast frå Melingsvågen. Det er det nok mange som er takksame for. Både menneske og dyr.

Vonleg vil dei vere ein inspirasjon for andre som går seg ein søndagstur. Ta med ein pose og sjå om du finn noko som ikkje passar inn blant trær, steinar og sjø. Kast det i søpla, og vipps så er verda litt reinare enn i går.