Sjåføren av denne bilen parkerte her og gjekk resten av vegen. Biletet blei tatt etter at brøytebilen hadde køyrd forbi, så ein kan berre anta at føret var verre då bilen blei parkert. Foto: Silje Talgø Klakegg

– Dette er nok det siste me ser av vinteren, seier meteorolog Steinar Skare til Øyposten torsdag formiddag:

– Det vil halde fram med snø og sludd ut dagen, men så vil temperaturane stige, og eg trur derfor at den snøen som no ligg på bakken vil forsvinne i løpet av kort tid.

Han legg til at det blir mildare dei neste dagane, og på laurdag vil temperaturen vere heilt oppe i 12 grader rundt Stavanger.

– Utover formiddagen på laurdag vil det begynne å regne. Ein kan også forvente regn på fredag, avsluttar han.

Det er ikkje meldt om store hendingar i trafikken som følgje av det plutselege snøvêret. Ein bil som ikkje klarte å køyre opp ein bakke på Judaberg er det mest dramatiske Øyposten har fått beskjed om.

Vegane rundt Finnøy er bare no, og Øyposten sin utsende på Rennesøy fortel at det er greie køyreforhold også rundt Vikevåg.

– Det er litt slaps på sidevegane, seier Sigbjørn Høidalen.

På Talgje skal vegane også vere greie å køyre på no. Då journalisten køyrde på jobb var det veldig glatt, men me har fått melding om at vegane er godt køyrbare i 10.30-tida.

På Leikvoll er alle aktivitetar avlyst, blant anna A-lagskampen som skulle stå mellom Finnøy og Kvitsøy i kveld.

Også 7. divisjonskampen mellom Mastra 2 og Fogn IL som skulle spelast i kveld er avlyst. Lagleiar Jakob Bø skriv i ei melding til Øyposten at dette er grunna snøen.

Send oss gjerne ei oppdatering på køyreforholda der du er. E-postadressa vår er bladstova@oyposten.no

Dette gjeld også for andre gode tips.