– Det er sjukt mykje armeringsplast i bukter og viker i Ryfylke etter bygginga av Ryfast, skriv ho i eit innlegg på Facebook, der ho samstundes etterlyser folk som vil bli med på dugnad for å rydde opp.

– Eg har rydda på eigen grunn i årevis, men det kjem stadig fram meir, skriv ho vidare.

Til Øyposten fortel ho at Naturvernforbundet har kontakta Statens vegvesen og spurd kva dei tenkjer å gjere med armeringsplasten.

– Dei kvite strimlane ligg i fjøresteinane rundt omkring på holmar og i viker i Ryfylke. Eg har sendt bilete til Statens vegvesen tidlegare, men fekk ikkje svar.

Naturvernforbundet har også anmeldt Statens Vegvesen for dette, og dei blei dømt for dette.

Engasjert naturvernar

Storhaug er nestleiar i naturvernforbundet Rogaland og i Norge, og engasjerer seg veldig i saka.

– Som innbyggar i Stavanger og som ein miljøengasjert person, blir eg provosert av dette, seier ho.

– Eg var på tur rundt naturreservatet i påska, men har også sett det tidlegare når eg har vore ute på tur. Eg har også sett det på min eigen eigedom og på Nord-Talgje, og da passerer ein desse vikene. Det er ikkje greitt med så mykje søppel, i alle fall ikkje når det stammer frå ein aktør.

Vil rydde opp

Mette Alsvik i Statens vegvesen seier at dei har rydda mykje etter Ryfastbygginga, men at dei ikkje er ferdige.

– Dei kvite «strimlane» er ein type armeringsfiber, men ut frå bilete ser det ut som desse stammar frå eit anna samferdselsprosjekt, skriv ho i ein e-post til Øyposten.

Vidare skriv ho:

– Statens vegvesen har i høve rydding etter Ryfast også tidlegare rydda område i Sjernarøyane og då har det vore mykje av denne andre fiberen som vist i bilete.

Ho legg til at dei no vil sjå på mogelegheitene til å rydde litt ekstra av fiberen på Sjernarøy.

Statsforvaltaren svarer

Kirsten Redmond Kristiansen, fagleiar for forureining seier til Øyposten då ho får sjå bilete av fjøra ved Lundarsøyla at ho observerer både ulike armeringsfibre og sikksakkfibre på biletet.

– Dessverre er det nok mykje armeringsfiber i sirkulasjon i miljøet, og ikkje berre frå tunnelprosjekt. Sikksakkfibra dominerer på bilete, og desse blei ikkje nytta i Ryfastprosjektet, men derimot i bygginga av Finnfast, seier ho.

Ho legg til at Statens vegvesen sitt pålegg om å rydde opp etter Ryfast framleis gjeld, og at dei to gonger i året gjennomfører oppryddingsaksjonar i fuglefredingsområde.

– I tillegg ryddar dei om dei får melding om særleg mykje plast frå Ryfastprosjektet på ein stad, avsluttar ho.

– Dette er jo småputl og tidkrevjende arbeid å få vekk. Dei må gjerne ta kontakt med meg dersom de vil vite kor det trengs opprydning, seier Randi Storhaug:

– Dette er det jo ingen som vil ha. Vegvesenet vil heller ikkje ha dette på strendene, så det er godt dei framleis vil fortsetje å rydde opp, uansett kva byggjeprosjekt plasten kjem frå.