FINNØY: Det var under debatten om høringssvaret som Stavanger kommune skal senda til NVE, at den nagande tvilen om luftspenn over deler av Finnøy kan unngås, melde seg.

Både Berit Hopland (h) og Ottar Sandanger (ap) hadde sine sterke tvil.

-Eg er dritlei av denne saka, eg trur ikkje me kan få det heilt som me vil, sa ho oppgitt under møtet.

-Me kan ynskja at heile kraftlinja blir groven ned som jordkabel, men om me får det er noko ganske anna, sa Ottar Sandanger.

Vatn renn ikkje oppover

Også leiaren i kommunedelsutvalet Birger W. Hetland var ikkje sikker på at heile strekket på øya kom til å bli lagt i jorda. Men han trøysta seg med at det er stor velvilje i Stavanger kommune for å stilla opp med pengar til å få linja lagt i jorda.

Forslaget til uttale som dei hadde framfor seg på bordet, og som er laga av administrasjonen kommunen, blei elles kritisert for å vera «rotet».

Mellom anna var det fleire som meinte det måtte vera feil i uttalen.

-Det står at sjøkabelen frå Fogn kan gå i land på Lauvsnes, det har det aldri vore snakk om. Dessutan blir det påpeika at det er mange hole eiker i traséen frå Holevågen til Eidsvågen på Fogn. Det er ikkje ei hol eik i denne traséen, meinte Jon Olav Runestad (ap).

Avviser luftlinjer

Han viste også til kostnadane på 41 millionar kroner med å grava ned kraftkabelen i Klepp kommune.

-Me kan ikkje strø om oss med useriøse tal, det blir nok dyrare å grava ned kabelen her, meinte han, som også åtvara mot å tru at «vatn kan renna oppover» når det gjeld plasseringa av trafostasjonen.

-Trafostasjonen må liggja der kor kabelen kjem i land, lagar me for mykje styr om dette blir me oppfatta som amatørar, hevda Jon Olav Runestad.

Då det blei sett punktum for debatten, gjekk eit samla kommunedelsutval for å avvisa luftlinjer over Finnøy og i staden gå for jordkabel. Det gjeld også på Rennesøy. Kommunedelsutvalet ynskjer også at det blir vurdert alternativ plassering av trafostasjon.