– Me har ei fantastisk dugnadsånd på Finnøy
I neste veke brakar det laus med Tomatfestivalen. June Steinnes er særs nøgd med folk si dugnadsånd.
June Steinnes og Trude Eggebø fortel til Øyposten at dei ligg godt an med førebuingane til Tomatfestivalen, men at dei framleis har nokre viktige vakter å fylle i dugnaden.
– Det som hastar mest, er å få på plass nattevaktar som kan vere til stades på Judaberg og sjå til at det me har rigga får stå i fred. Det er ein enkel jobb, og ein skal gå to og to i lag, så det blir nok sosialt og kjekt i tillegg. Me manglar nattevakter både natt til fredag og natt til laurdag.
– Det er mykje arbeid å organisere dugnaden, seier Steinnes.
– Idrettslaget stiller med folk, men me må finne ut kva oppgåver som skal løysast, og ikkje minst kva ein treng for å løyse denne oppgåva.
Ho er ny i rolla som prosjektleiar i Tomatfestivalen, og er glad for å ha Eggebø med på laget.
– Trude er sjukt driven i dette, og eg set stor pris på all hjelpa eg har fått frå henne.
Finnøy Idrettslag stiller
Øyposten har og prata med Erik Torger Flesjå-Johansen som er dugnadsansvarleg for Finnøy idrettslag. Det er medlem og foreldra til medlem som kallast inn til dugnad i forbindelse med Tomatfestilvalen.
Idrettslaget får oppgåver i alt frå vakthald til informasjonstelt, kiosk- og loddsal, premieutdeling og opp- og nedrigging.
– Fordelen med å gjere det på den måten som vi har valt å gjere det, er at dei som sjølv skal delta i dugnaden, får vere med å påverke kva oppgåver dei skal gjere, og ikkje minst kva tid dei kan stille. Slik unngår vi å setje folk til oppgåver dei ikkje vil klare å gjennomføre.
Torsdag og fredag i tomatfestivalveka blei fylt opp ganske snart. Flesjå-Johansen seier det er vanskelegare å finne nokon til å dekke vaktene på sjølve laurdagen. Då vil folk helst delteke som gjestar på Tomatfestivalen, og difor vil dei helst ikkje jobbe den dagen.
– Men vi er avhengige av at folk stiller då også, seier han, og legg til at dei fleste har ei forståing for dette.
Dugnad heile året
Idrettslaget nyttar kvart år tusenvis av dugnadstimar når dei driftar dei ulike aktivitetane som dei tilbyr på Finnøy.
– Tenk på alle timane som trenarar og lagleiarar legg inn i kvar aktivitet, året rundt, seier han, og legg til at idrettslaget ikkje kunne hatt den breidda i tilbodet om ikkje dei nytta frivillige i den grad som dei gjer.
– Vi har ikkje lenger tilbod om klatring i idrettslaget fordi vi ikkje har nokon som kan stille som trenar. Til gjengjeld har me mange frivillige i turngruppa, så her kan vi gi eit godt tilbod. Dei ulike fotballaga har også mange foreldre som stiller opp.
God dugnadsånd
Også Steinnes stadfestar at dugnadsånda på Finnøy er god.
– Det er ikkje sånn at folk sukkar og klagar når dei blir bedne om å stille til dugnad. Dei er heller i forkant og spør kva tid dugnadslistene er klare og kor dei kan hjelpe til.
Framleis har du moglegheita til å melde deg opp til dugnad. Det gjer du ved å gå inn på denne lenka.
Her kan du sjølv sjå kva vakter som er ledige og velje noko som passar for deg.
– Dugnad er kjekt og sosialt, og du kan bli kjend med nye folk frå lokalsamfunnet. Me set pris på all hjelp me kan få, seier både Steinnes og Flesjå Johansen.