Båtglede ombord i ein skikkeleg fartsbåt. Foto: Rune Nedrebø

SJERNARØY: Lyden av svære motorar med masser av hestekrefter fekk lufta i Helgøysund til å dirra laurdag.

Eit 30-tals katamaranar og speedbåtar med kraftige motorar var innom, med Nor-Techs 50 fots svarte fartsfantom, «Black Pearl» i spissen. Båten er norskprodusert, i Florida, og er utstyrt med tre diesel-motorar med 375 hestekrefter kvar.

-På ein god dag gjer båten 55 knop, opplyser skipper og eigar Bjørn Gabriel Garvik til Øyposten.

Konvoien av speedbåtar under avgang frå Helgøysund laurdag. Foto: Rune Nedrebø

Båten er ustyrt med både lugar, dusj og toalett, og har plass til 15–20 personar. Ifølge Garvik kostar båten eit par millionar kroner ny, men sjølv kjøpte han båten brukt i 2019.

-Kva kostar det å tanka opp båten?

-Rundt 25.000 kroner, svarar Garvik, som er primus motor i fartbåtmiljøet og arrangementet Poker Run i Haugesund.

Båtane som var på besøk i helga er heimehøyrande på Karmøy og i Haugesund, og fleire er med i Haugesund Poker Run. Det er ein konkurranse mellom speedbåtar som går ut på å plukka opp eit spelekort på kvar stoppeplass, og den som har best pokerhand vinn ein pengepremie. Men i år blei konkurranse avlyst på grunn av for få påmelde.

Bjørn Gabriel Garvik er primus motor for Poker Run-miljøet i Haugesund. Hans «Black Pearl» kostar 2 mill. ny, men han har kjøpt han brukt. Foto: Rune Nedrebø

Laurdag var dei bare på kosetur til Helgøysund Marina før turen gjekk vidare til Skudenes og Kopervik. For fleire av båtane kan fartsnåla bikka over 100 knop.

Arne Johan Mannes frå Kamøy eig ein slik ein. Det er ein katamaran med ein 450 hestekrefters Mercury bakpå.

-Eg har hatt han i 101,1 knop, men då slapp eg gassen, flirer Mannes.

Ifølge Arne Johan Mannes er det eit triveleg miljø for fartsbåtar på Karmøy og i Haugesund, og sjølv er han alltid på utkikk etter ein som er større og går litt fortare.

-Det er litt som motorsykkelmiljøet, bare det foregår til sjøs, forklarer Arne Johan Mannes.

-Det er litt same greia som motorsykkelmiljøet, bare til sjøs, seier Arne Johan Mannes om speedbåt-kulturen på Karmøy. Foto: Rune Nedrebø