FINNØY: Inspirert av latinamerikanske rytmar sprang elevane runde etter runde på idrettsbanen på Sentralskulen fredag føremiddag. For kvar tilbakelagt runde renn det inn pengar inn i kassa til hjelpeprosjektet.

Supersponsor

Kaspian Eike er «seig». Innsatsen hans gir eit solid bidrag til hjelpeprosjektet. Foto: Oddbjørg Måland

Målet med løpet er å springa flest rundar på èin time, i alle fall for dei elevane som er sponsa for per runde. Det går og an å sponsa løpet med ein valfri sum. I tillegg til private sponsorar bidreg skulen med 1 krone per elev per runde.

Kaspian Eike i 6A frå Halsnøy har skaffa seg solid sponsing. For kvar runde han spring, bpring han inn 330 kroner.

– No er eg på 13. runde, roper Kaspian frå langsida.

Ein kjapp sjekk på kalkulatoren viser at han har sprunge inn 4290 kroner. Det ennå 20 minutt igjen før tida er ute.

– Eg trur eg sponsar prosjektet med meir enn det skulen gjer, roper Kaspian uanstrengt. Han er på runde nummer 15.

Nokon andre som har sjans til å gjera det godt i dagens løp er elevane frå Talgje. Leikeapparatprodusenten Rampline sponsar kvar av dei 14 elevane med 30 kroner per runde.

– Det kan bli dyrt for mange dette, smiler rektor Bente Tjelta.

Rikke Helle Avsnes t.v og Maram Eike tykkjer det er heilt ok å ikkje stressa rundt banen. Det er lov det. Foto: Oddbjørg Måland

Arrangementet er i staden for aksjonsdagen som skulle vore i februar, men som pandemien sette ein stoppar for.

Verdifulle kroner

Ein av grunnleggarane av Cochabambabarn, Elise Lunde står langs banen og heier elevane fram.

Kaspian Eike har springe inn tusenvis av kroner til Elise Lunde sitt prosjekt Cochabambabarn Foto: Oddbjørg Måland

– Dette er rørande. Å sjå at elevane springa for å hjelpa andre born, det er ekstra kjekt. No skal eg senda video og bilete slik at ungane ved dagsenteret får sjå innsatsen elevane her gjer for at dei skal få eit betre liv. Desse pengane er sårt tiltrengte. Etter to år med pandemi er det ekstra tungt å driva, det har blitt mykje ekstra kostnadar. Mange av borna er traumatiserte og underernærte, fortel Elise Lunde. I november reiser ho og mannen Harald på besøk til senteret i Bolivia.

Etter løpet kunne elevane feira innsatsen med grilla pølser.