Ynskje om hundepark er eit av forslaga som er komme inn etter Grøn plan-møte på Judabeg sist veke.

Forlaget er meint å ta hensyn til innsperla som har kome frå lokale bondeorganisasjonar og politikarar i dei to kommunedelane.,

Kommunedelsutvalet i Rennesøy vil at det primært skal vera bandtvang i heile Rennesøy kommunedel. Men dette vil vera i strid med den nasjonale hundelova, som slår fast at lokale forskrifter skal ivareta hensynet til dei som vil ferdast med laus hund og ikkje ha større utstrekning enn nødvendig, skriv kommunedirektøren i sine kommentarar til forslaget.

Likevel ser kommunedirektøren at det er ekstra utfordringar i Finnøy og Rennesøy med mykje beitedyr ute heile året. Forslaget som nå ligg på bordet meiner han langt på veg vil fanga opp vedtaket i kommunedelsutvalet i Rennesøy.

Forslaget til ny lov om hundehald har vore ei varm potet etter at det først blei kjent før jul. Saka har vore gjennom fleire rundar med politisk behandling, og har nå også vore til høyring hos lokale bondelag.

Bondelaga i kommunen seier seg delvis nøgde med forslaget, men oppfordrar kommunen til å oppretta fleire friområder kor hundar kan springa fritt utan å skapa konfliktar.

Det nye forslaget, som skal behandlast i utvalet for miljø og utbygging onsdag, har mellom anna denne ordlyden:

,"

Det er båndtvang på holmer når beitedyr er tilstede.

Det er båndtvang i og ved siden av inngjerdete areal når beitedyr er, eller kan være tilstede.

Dette gjelder både innmark og utmark.

I Rennesøy og Finnøy kommunedeler er det båndtvang hele året i alle landbruksområder.

Grunneier eller bufeeier kan gi unntak fra denne bestemmelsen utenom ordinær

båndtvangstid, mellom 20. august og 1. april."