-Me merkar at det er færre kunder, men dei som kjem er glade for at me held åpent, seier Marie Therese Reilstad og Tove Rosland som driv kvar sin butikk på Judaberg.,

-Me er nøye med hygienereglane og at folk skal halda avstand. Og det går fint, for det er ikkje nokon trengsel her på Judaberg, meiner dei to.

I blomsterbutikken er Marie Therese Reilstad åleine om jobben, etter at partnaren Brit Elin Nordbø er i karantene.

-Det er spennande tider, også med tanke på korleis handlen vil utvikla seg. Det er snart påske, og kanskje det blir fleire Finnøy-folk å sjå viss folk ikkje får reisa på hytta. Uansett vil me venta til det siste før me bestiller varer til påske, seier Reilstad.

Både ho og Tove Rosland på Kaihuset kjører ut varer til folk.

-Det går mykje i garn og hobbyvarer nå om dagen. Kafedrifta går naturleg nok på sparebluss, men folk kan få seg ein kopp kaffi og gongkaker, seier Rosland.

Både ho og Reilstad oppfordrar finnøybuen til å stikka innom.

-Nå er det viktigare enn nokon gong at folk brukar dei små butikkane her, slik at dei kjem seg gjennom dette heilskinna, seier dei.

Blant kundane som var innom Finnøy Blomster denne dagen er Marit Vignes.

-Eg var lei av å sitja heime. Nå skal eg ha blomster for å pynta gravene med. Det høyres kanskje litt feil ut dette med gravene, men det er viktig å ha gode rutinar, seier Vignes.