Vil flytta biblioteket til kommunehuset

Biblioteket i Kulturhuset Meierit i Vikevåg kan bli flytta midlertidig til det gamle kommunehuset. Det er forslaget til styret i Sølvberget som skal diskuterast om ei veke.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

RENNESØY:

Forslaget slår ned som ei bombe i Rennesøy, og vekkjer negative reaksjonar frå eldsjelene bak arbeidet med å byggja opp det gamle meieriet som kulturstorstova i Rennesøy.,

-Dette likar eg ikkje, er reaksjonen frå både Marie Gangenes og Marit Surnevik.

-Me var jo så glade den gong bilblioteket flytta ned frå kommunehuset til Meieriet, kva skal dei nå bruka kulturhuset til, spør Marie Gangenes.

Noko av bakgrunnen for forslaget er behovet for å spara pengar i Stavanger kommune. Dessutan blir det argumentert med at ei samlokalisering mellom biblioteklet, Frivillighetssentralen og Innbyggartorget i kommunehuset vil vera gunstig. Det vil også gjera at biblioteket blir liggjande nærare skulen.

I tillegg til å flytta biblioteket er det også forslag om å kutta ned ein halv stilling ved Rennesøy bibliotek. Flyttinga er tenkt midlertidig til det nye kommunehuset, som er tenkt bygd på kaien i Vikevåg er på plass. Når det blir er foreløpig usikkert. Det er også planen å riva det gamle kommunehuset i Vikevåg.