Innsamlingsleiar Bjørg Vestbø i Rennesøy er nøgd med innsamlinga sundag. Foto: Privat.

RENNESØY:

Det er tradisjon at 5. klassingane tar beina fatt for å samla inn pengar til TV-aksjonen. Mosterøy skule har i tillegg hatt sin eigen aksjon kor dei samla inn 77.761,-,

– Me fekk inn 66.000 i kontantar frå bøssene, men det er foreløpige tall. Det skal også tellas med bidrag på Vipps også vidare, så det blir nok høgare, fortel leiar i frivilligsentralen, Bjørg Vestbø, mandag ettermiddag.

https://www.oyposten.no/2021/10/24/pengane-stroymer-inn-fra-finnoy/

Kjempeinnsats

Dermed er det foreløpig 143.761 kroner til saman.

– Me er veldig nøgd med resultatet. Og eg syns dei har gjort ein kjempeinnsats med skuleaksjonen, seier Vestbø.

Ho telte pengane frå bøssene søndag kveld, saman med blant anna Terje Øvrebø og Ann Elin Pihl frå Rennesøy kommunedelsutval, og to lokale tilsette hos SR-bank.

Talla på TV-aksjonen sine nettsider viser foreløpig at Stavanger kommune har samla inn over 8,5 millionar kroner, og er dermed på 8. plass av dei 23 kommunane i Rogaland, fordelt på innbyggere.

,Det blir

60,36

per innbyggar i kommunen, noko som er 15,25 kroner over landsgjennomsnittet.,

https://www.oyposten.no/2021/10/24/givarglede-pa-mosteroy/

Rogaland på topp

Når dei har fått telt ein siste gong og lagt til bidrag frå blant anna Vipps kan det bli meir.

– Dette er knallbra. Ungane her har syns det er veldig kjekt, spesielt når folk har kontantar dei kan legga på bøssene. Det er ein viktig del av opplevelsen for 5. klassingane.

Etter endt bøssetur fekk ungane servert boller og saft, noko som var veldig populært. Dei voksne fekk kaffi og kringle.

Totalt blei det samla inn over 243 millionar kroner frå heile landet til TV-aksjonen, viser foreløpige tall. Rogaland hamna på 1. plass av alle dei 11 fylkene, når det gjeld bidrag, fordelt på innbyggere.