Snart slutt på fredagsbrød frå Ryfylkekokken

Med rykande ferske handverksbrød frå Ryfylkekokken har fredagen blitt vekas høgdepunkt for mange på Finnøy.

I fleire år har Ryfylkekokken budd på ferske handverksbrød  kvar fredag. Til jul er det slutt. Foto: Ryfylkekokken
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

På gardsbutikken på Nærland gjeld det å vera tidleg ute fredag føremiddag for å sikra seg brød til helgefrukosten. Alle faste kundar veit at brøda  kjem til butikken mellom klokka 1000 og 1030, og då er det best å vera på plass for å vera sikker på å få.,

Dei mest ihuga kundane har lagt inn fast bestilling kvar veke, og unngår dermed å komma i skvisen.

- Det er stort sett dei same som kjøper brød kvar veke. Det er eigentleg ein grei å måte å gjera det på.  Med førehandsbestilling har me betre kontroll på kor mange brød som skal bakast, og for kundane sin del er det ingen som risikerer å bli skuffa viss dei er for seint ute og ikkje får, fortel Cathrine.

100 brød i veka

- Kor mange brød er det snakk om kvar veke?

- Til saman, på Landahuset og i gardsbutikken, ligg talet på rundt 100 brød per veke. Det kjem litt an på viss det er typiske utfartshelger så går det fort litt meir. Mange har oppdaga at det er lettvint å svippa innom gardsbutikken på veg til Judaberg.

Selvaag har tydeleg treft marknaden med eit populært kvalitetsprodukt.

Men til jul er det slutt.

Barnehagar

Grunnen er eit nytt matkonsept som Frode Selvaag og Arne Brimi skal lanserast i barnehagar i utlandet. Hittil er det snakk om Sverige, Finland og Dubai, men det er fleire andre land som står for tur.

- Frode fekk eit tilbod det var vanskeleg å takka nei til. Dei som kjenner han veit at born og sunn mat er noko han brenn for. Han har allereie jobba lenge med born gjennom Læringsverkstedet, og no tek han konseptet eit steg lenger. Difor må me legga om på drifta, og tilpassa oss den nye situasjonen. Det blir for krevjande å binda seg opp til faste avtalar, fortel Cathrine Selvaag som sjølv jobbar i 80 prosent stilling for det Norske Måltid i Stavanger.

Publisert: