Utviklinga i Vikevåg stampar, men denne butikken opplever eventyrleg suksess

Mange butikkar sleit under korona, men netthandel auka kraftig. Butikken til Lene Bø-Pedersen Dalaker endte opp med ei omsetnad på heile åtte millionar kroner i 2020, mykje takka vere netthandel.

Lene Bø-Pedersen Dalaker har garn til det meste.|Lene Bø-Pedersen Dalaker saman med medarbeidar Hilde Kristin Haugland.|Lene Bø-Pedersen Dalaker viser fram årets trendfargar i strikk.||Lene Bø-Pedersen Dalaker har garn til det meste.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

RENNESØY:

Sentralt ved sjøkanten i Vikevåg sentrum finn du butikken Lykkelig AS. Her har dei noko ein kanskje kan kalla eit strikkeparadis. Her er det nemleg vegg opp og vegg ned med garn i alle moglege fargar og variantar, men også pynt og interiør.,

Lene Bø-Pedersen Dalaker har drifta butikken i rundt 11 år og har derfor opparbeida seg eit godt rykte.

– Me har kunder frå Jæren, Karmøy, Stord, Trondheim.., listar ho opp.

Bestilling frå Australia

Og det går godt med butikken. På grunn av auka netthandel gjekk omsetnaden deira opp med heile tre millionar kroner i fjor, noko som førte til at den totale omsetnaden endte opp på åtte millionar kroner.

Ho var tidleg ute med nettbutikk, og i dag har ho faste kundar frå mange stader.

– Det var to damer her på fredag som skulle på strikkefestival i Stavanger. Dei hadde reist ekstra tidleg frå Kristiansand fordi dei skulle rekka innom her først. Det er veldig kjekt, seier medarbeidar Hilde Kristin Haugland.

Men det er ikkje berre lokale, dei har også internasjonale kundar.

– Eg har sendt litt forskjellige bestillingar til USA. Dei som har norske aner er veldig opptatt av tradisjonar, nokre har for eksempel bestilt nye knapper til mariuskofta si. Eg har også fått bestillingar frå Australia, fortel Dalaker.

 Lene Bø-Pedersen Dalaker viser fram årets trendfargar i strikk.

Rom for å vokse

Butikklokalet ho leier i dag er på rundt 120 kvadrameter. No skal det utvidas med rundt 30-40 kvadratmeter, men det vil ikkje vera spesielt synleg for kundane.

– Rundt 80 prosent av omsetnaden vår kjem frå netthandel, så no skal me utvida lageret.

Ho kunne nok tenkt seg ein større butikk ein gong i framtida, men om det er rom for det i Vikevåg er ho ikkje sikker på.

– Eg har ikkje kapasitet til å utvida sjølve butikken per no, men det er nok mange som hadde etablert seg her viss det var ein fornuftige leieplass.

https://www.oyposten.no/2021/10/20/vil-blasa-liv-i-vikevag-sentrum/

Det har lenge vore diskutert kva ein skal gjera med Vikevåg sentrum. Dalaker trur noko av problemet er at det ikkje fins nok egna butikklokaler, og heller ikkje er planlagd nye.

– Det har i alle år vore snakk om at ein skal utvikla sentrum og at det skal byggas nytt bygg for kommunale tenester. Viss ein samlar dei, hadde det blitt mer butikklokaler i sentrum.

Viss ein vil at fleire skal etablere seg må ein legga til rette for det.

Og kor skal det vera? Ein må ha ledige eller egna lokaler som kan brukas til dette.

– Er det fare for at du vil flytte butikken ein anna plass?

– Det kjem an på korleis det går med sentrumsplanen sjølv klart. Det er aktivitet på Askje og andre plassar, så dei må jo lande på noko til slutt. I Vikevåg har det alltid vore ein muligheitsstudie eller ein arkitektkonkurranse, men det har ikkje skjedd noko. Viss det går eitt år til, og det er utvikling andre plasser i Rennesøy kommundel vil eg nok vurdera det, ja, seier Dalaker.

 Lene Bø-Pedersen Dalaker saman med medarbeidar Hilde Kristin Haugland. – Ein finn så masse unikt garn og me har eit enormt utval. Det er kjekt for alle som er kreative å koma inn her. Det er «garnhimmelen».

Populært å strikke

Om dei har størst utval blant liknande butikkar i Stavanger veit ho ikkje.

– Men me har mykje unikt. Me importerer frå Danmark for eksempel. No for tida er kasjmir trendy, så me har tatt inn mange forskjellige fargar, fortel Dalaker.

På Instagram har butikken no over 30.000 følgarar, mange av dei er unge. Strikking har blitt «kult» hos yngre generasjonar igjen.

– Det er veldig populært med strikking no for tida, spesielt nå med korona. Me har mange unge følgarar.

Publisert: