Slum i India får pengar frå bygdekveld
Elevar ved oppvekstsenteret på Sjernarøy kan senda av garde ein sjekk på minst 11.000 kroner til aksjonen «Med hjerte for India», etter bygdekvelden med loppemarked nyleg.
SJERNARØY:
-Me er veldig godt fornøyd med kvelden, det blei kjempekjekt, seier assisterande rektor Alice Helgøy på Sjernarøy Oppvekstsenter til Øyposten.,
Elevane på skulen hadde baka og samla inn lopper, og torsdag kveld arrangerte dei bygdekveld kor mykje fint og mykje godt var på salg.
-Me fekk inn utruleg mange fine lopper, og salget av dei pluss bakverk, saft og kaffi ga rundt 6000 kroner på Vipps. Me har ikkje talt opp kontantane ennå, så nøyaktig kor mykje det blir veit me ikkje ennå. Dessutan jobba sjetteklassingane på Stjernelaks, noko som ga 5000 kroner i tillegg, opplyser Helgøy, som legg til at dette er eit opplegg dei har lyst til å prøva igjen.
Tolli Frestad var med på bygdekvelden for å fortelja om arbeidet i slummen i byen Nagpur i India, kor pengane skal brukast til å hjelpa barn i eit av dei mest kriminelt belasta områda av byen. "Med hjerte for India" har etablert ein internatskule på staden, og er også i ferd med å reisa eit aktivitetsbygg. Men pandemien har gjort at internatet blei stengt, og barna sendt tilbake til slummen. Hjelpearbeidet nå består difor i direkte matutdeling, opplyste Frestad.
I tillegg til elevane på oppvekstsenteret, har også barna i barnehagen engasjert seg, og har samla og panta mange hundre tomflasker og boksar. Det ga eit utbytte på 1000 kroner som går til "Sykehusklovnene", ein ideell organisasjon som gjer ein innsats for barn på sjukehus.