Milciades Dominguez demmer opp ei av dreneringsgrøftene. Til det brukar han trevirke av platanlønn, som er fjerna frå området. Biletet er teke då Øyposten var på besøk tidlegare i vinter.|Store mengder platanlønn er riven opp med rota for hand. Milciades Dominguez (t.v.) og Richard Fredriksen frå NaturEco samlar saman «framandelementa» for bruk til oppdemming i dreningsgrøftene.||Asken spirer villig i det som var eit sumpområde.|| Endre Ofstad hos Statsforvaløtaren i Rogaland og Anne Elisabeth Carlsen frå firmaet NaturEco har oppsynet med arbeidet.|||

SJERNARØY:

Oreskogen på Kyrkjøy er med sine 175 dekar den største sumpskogen i Rogaland. Jorda er kalkhaldig og har ein rik botanikk. Mellom anna er bakken dekka med kvitveis og humleblom om våren.,

Under krigen blei deler av han grøfta med tanke på oppdyrking, noko som opp gjennom åra har ført til uttørking.

Asken spirer villig i det som var eit sumpområde. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Resulatet er blitt at nye treslag er på full fart inn som platanlønn og ask, og trugar med å fortrengja den unike «trollskogen».

I haust gjekk difor Statsforvaltaren i samarbeid Stavanger kommune i gang med å restaurera deler av området.

Første i landet

-Det er første gang sumpskog blir restaurert i Norge, og me har henta erfaringar blant anna frå Sverige, opplyser naturforvaltar Endre Grüner Ofstad hos Statsforvaltaren i Rogaland til Øyposten.

Det er sett av 130.000 kroner til arbeidet, som blir utført av Stavanger-firmaet NaturEco.

Mellom anna er mengdevis av platanlønn røska opp med rota og lagt i dungar. Tre som er blitt for store er borka for at dei skal døy og ikkje spreia seg.

Store mengder platanlønn er riven opp med rota for hand. Milciades Dominguez (t.v.) og Richard Fredriksen frå NaturEco samlar saman «framandelementa» for bruk til oppdemming i dreningsgrøftene. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Alt arbeidet blir gjort for hand her, sidan det er for blautt til å bruka maskinar. Me har gjort ein god jobb viss det ikkje viser spor etter oss når me er ferdige, det er vår stolthet, seier Anne Elisabeth Carlsen, daglig leiar i NaturEco.

Firmaet blei starta i Stavanger for fem år sidan, og arbeidar i hovudsak med fjerning av framande artar i naturen. Firmaet har også hatt ansvaret for å anleggja «ullstien» på Vistnes i Randaberg.

Gjort for hand

Platanlønna som er blitt fjerna, blir brukte til å demma opp dreneringsgrøftene. Med tida skal det gjera at området, som nå er relativt tørt, blir til sumpmark igjen.

-Viss me ikkje gjer noko vil oreskogen bli fortrengt av annan lauvskog som platanlønn og ask. Det er mykje ask som spirer og veks i området, men me trur at den vil mistrivast når vannstanden kjem opp igjen og det blir meir våtmark, seier naturforvaltar Endre Grüner Ofstad.

Endre Ofstad hos Statsforvaløtaren i Rogaland og Anne Elisabeth Carlsen frå firmaet NaturEco har oppsynet med arbeidet. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Arbeidet har pågått eit par vekers tid, men Ofstad reknar med at det vil bli jamnleg oppfylgjing for å sikra at resultatet blir vellukka. Oreskogen det er snakk om ligg i naturreservatet Lundarsøyla, og den mykje brukte turvegen via Kråke går gjennom området.

FN-tiår for restaurering

Oppdemminga gjeld området som ligg rett nord for Dragjevatnet, og vil ikkje berøra turvegen.

Tiåret 2020-2030 er FNs tiår for naturrestaurering, og resultatet av arbeidet i Lundarsøyla skal rapporterast til Miljødirektoratet.

-Det er stor interesse for dette arbeidet der, seier Ofstad.