Madla 2 er - som nummer 2 på tabellen - blant dei beste laga i Finnøy si avdeling, og det blei synleg etter pause i kveld. Heimelaget leda heile vegen, men gjestane hang med dei første 45. Hans Runar Eike scora på ein volley etter ein finnøycorner, og Sander Idsøe dundra eit frispark i krysset frå langt hold.

Men etter pause rakna det fullstendig for Finnøy. Madla laga to raske mål og etterpå rann dei inn. Heimelaget stoppa ikkje før det sto 8-2 i protokollen. Finnøy har 8 poeng og er no nummer 10 av 12 lag i avdeling 3.,

Første moglegheit til å revansjera seg for Finnøy er heimekampen mot eit noko svekka Mastra laurdag 31. august. Finnøy blei, som nokon hugsar, rundspela i vårkampen og tapte 2-4.