Det blir masse aktivitet på Vignes Fort når Ryfylke Livsgnist til helga inntek Tyskerhålene og fortet med konseptet "Gøy på Finnøy".

- Me har vurdert situasjonen dit hen at det kjem ikkje til å skje noko før påske. Desse granatane har ligge på havbotn sidan andre verdskrig, og om dei ligg nokre dagar ekstra, betyr ingenting.  Det er svært vikitg at granatane får ligga i fred, og at ingen sportsdykkarar går ned. Etter påske vil Forsvarets Operative Hovedkommando, politiet og minedykkarkommandoen i samarbeid syta for at granatane blir plukka opp ifrå sjøen og flytta til ein trygg plass, seier Torill Herland ved kommunikasjonsavdelinga i Sjøforsvaret.,

Folk Øyposten har snakka med meiner det kan ligga hundrevis av granatar i sjøen i området rundt tyskerfortet på Søre-Vignes.