Farmen kjendis kurerte han for høneskrekk

Mimir Kristjánssons hytte i Helgøysund var nabo til ein hønsefarm. Skrekken for høner blei først kurert då han var med i Farmen kjendis.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Mimir trødde sine barnebein på Helgøysund i Sjernarøyane kvar påske- og sommarferie.,

-Næraste nabo var hønseshuset på garden, ein plass eg knapt våga meg inn. Eg hugsar ennå eit kaklande kaos av høner, og fobien mot høns har eg hatt heilt til nå. Men nå er den kurert, for nå har eg vore med i Farmen kjendis på TV2, seier Mimir til Øyposten.

Programmet vil bli sendt utpå nyåret. Då vil det bli klart koss Rødt-politikaren taklar bondelivet saman med mellom anna Per Sandberg, Anita Hegerland og "Oppfinneren" Erika Alfred Tesaker.

Mimir har nyleg gitt ut bok om mor si, og der skriv han mellom anna om tilknytninga til Helgøysund, som stikk djupare enn feriar og hytteliv.

«Det begynte med to driftige tvillingsøstre og en bror som fikk odelen. Margrete og Olene Nygaard kom fra Sjernarøyene, fra en øy som heter Nord-Talgje midt i Boknafjorden mellom Stavanger og Haugesund. Gården de kom fra var velstående, særlig fordi det var marmorbrudd på grunnen. I stedet for å li på øyene og vansmekte, reiste de to til Stavanger for å skape seg en ny framtid. Margrethe Nygaard, gift Torgersen var min oldemor.»

-Eg har fortsatt ei grein av familien der. Oddfrid bur der og driv butikken i Helgøysund, og har også vore med i politikken. Me er ikkje i same parti, ho er i Høyre, men me kan godt ta ein god diskusjon utan at me blir uvenner av den grunn, seier Mimir.

Publisert: