Dette var spørsmåla med stilte:,

Kva veit du om Finnøy og Rennesøy?, Kva er det kjekkaste ved at Finnøy og Rennesøy blir med i Stavanger?, Korleis blir det når bøndene kjem til byen?

Helene Bjørnetvedt

1 Begge kommunane er jordbrukskommunar, og like fine som sørlandsperlene. Begge kommunane har mange attraktive turiststader, og ikkje minst mange middelalderkyrkjer.

2 Eg trur dei to kommunane vil gi betre balanse til Stavanger, og bringa med seg andre og naturlege verdiar. Kanskje kan det vera med på å flytta fokuset litt vekk frå den konstante pengegaloppen? Eg trur dei to kommunane vil bidra positivt inn i Nye Stavanger

3 Velkommen bønder, det blir kjekt. Kanskje får me meir friske grønsaker og kortreiset mat? Uansett, det blir eit meir interessant bybilete.

Ove Nicolaus

1  Eg veit det er primærnæringskommunar. Eg har køyrt gjennom dei, men veit ikkje så mykje meir.

2  Eigentleg har eg  ikkje sett meg så mykje inn i saka, men eg trur det kan bli positivt. Med ein større kommune fylgjer større areal. Eg håpar at dette arealet blir forvalta godt, ved at det blir fortetting i sjølve byen, og at grøntareala ifrå Finnøy og Rennesøy får liggja i fred. Eg er litt bekymra for at jordbruksarealet skal bli utvatna.

3  Me kjem ikkje til å merka noko endring.

Rose Page

,1

I love hiking

. Eg har faktisk vore både i Finnøy og Rennesøy kommune, fleire gonger på Rennesøyhodne og på Bandåsen på Ombo. Det er mange flotte turområde som no blir i Stavanger. Eg kunne ynskja meg ein pub, eller ein plass det går an å få seg ein matbit i samband med topp-turane.,

2  Eg håpar det kan bli enklare kommunikasjon, slik at ein enkelt kan ta seg fram til dei forskjellige øyane, og kjenner at dei verkeleg er ein del av Stavanger.

3  Det er bra vis det blir ei generelt betre forståing for bøndene, og at dei kan samhandla godt.

Lynn Guest

1  Eg trur eg har vore på Finnøy men er ikkje heilt sikker, eg har i alle fall heilt sikkert vore på klosteret på Rennesøy.

2  Det kan vera ein fare for at dei små kommunen blir slukt av Stavanger, og at dei mister identiteten sin, det er i så fall ikkje bra.

3  Det er ein god ting som kan berika alle tre kommunane. Det blir ein større heilskap og større forståing for ulike kulturar. Kanskje kjem nokon til å flytta til Finnøy?

Helge Viste

1  Kommunesamanslåing? Eg veit svært lite om kommunesamanslåinga, eg har ikkje sett meg inn i det, og veit eigentleg ikkje kven det er som skal slå seg saman. Men eg veit det er fint på Rennesøy. Eg har vore på ferie på Finnøy ein gong for lenge sidan, men eg kunne ikkje tenka meg å bu der.

2  Har ikkje peiling. Eg er uansett imot kommunesamanslåing, og glad for at Randaberg ikkje er ein del av denne avtalen.

3  Eg veit ikkje. Eg håpar den nye kommunen vil bruka sunn fornuft og ikkje byggja ned meir areal enn nødvendig.

Torbjørn Torsteinbø

1  To jordbrukskommunar, rundt 7 – 8000 innbyggarar. Rennesøy veit eg ikkje så mykje om, men eg har vore ein del gonger på Finnøy, som jo er store på dyrking av tomatar. Elles veit eg at elbilane no må betala i Finnfast.

2  Eg ser ingenting kjekt med denne samanslåinga. Faktisk er det ganske vanvitig.

3 Dette verkar for meg svært upraktisk. Her snakkar me Høgre-politikk. Politikarane i Stavanger augnar håp om at større areal frå Rennesøy og Finnøy, kan gi meir hyttebygging. Eg trur ikkje samanslåinga vil gagna verken Rennesøy eller Finnøy, diverre.

Christer Norheim

1  Kven skal slå seg saman? I Finnøy dyrkar dei tomatar, og i Rennesøy har dei Utstein kloster. Onkelen min vaks opp i Rennesøy, så eg har nokre gode minner frå ferie på Sjøberg.

2  Eg trur ingen vil merka særleg mykje til samanslåinga. Men det er uansett viktig å ha eit godt samhald og kanskje kan me få endå betre kontakt mellom by og land.

3  Eg trur folk frå Rennesøy og Finnøy veit utmerka godt korleis ting fungerer i «storbyen» Stavanger. Dette er 2020.....

Åse Gro Gjølme

1  Finnøy har tomatar og Rennesøy har klosteret, og begge er landbrukskommunar. Eg har faktisk vore på besøk i Lauvsnes gartneri og blei svært imponert, det er jo nærmast som ein fabrikk å rekna.

2  Eg tykkjer meir synd på dei, på Rennesøy og Finnøy altså. Alt blir lenger vekke for dei, inkludert kommuneadministrasjonen. Nei, eg klarer ikkje sjå at dei får goder dei allereie ikkje har.

3  Eg vil sjølvsagt sei til bøndene som kjem til i byen; velkommen, som til alle andre. Viss dette er noko som helst, er det heller meir positivt.

Christian Tønnesen

1  Eg veit lite, eigentleg. Forresten, Finnøy har fantastiske tomatar, og Rennesøy? Vel eg har køyrt gjennom kommunen på veg til Mortavika. Dessutan veit eg begge stader har bibliotek. Eg jobbar på bibliotek sjølv, ha ha....

2  Eg håpar og trur alle tre kommunane kan dra nytte av kvarandre og gjer kvarandre gode.

3  Bønder-i-byen-«tilstander», trur eg ikkje på. Har me ikkje alle bondeblod i årene? Så langt ser eg dette som heilt uproblematisk.

Sissel Svendsen

1  Bror min har budd på Finnøy så eg kjenner litt til plassen, og tomatane. Eg har og vore i Rennesøy og veit at begge er landbrukskommunar. Finnøy er dessutan kjent for tomatane sine.

2  Eg trur samanslåinga kan by på visse utfordringar, blant anna i forhold til geografien, kommunikasjon, hurtigbåtar og tunnelar, og den fysiske avstanden. Dessutan fryktar eg at Rennesøy og Finnøy kan bli slukt av storebror Stavanger. Kva med administrasjonen, kven skal bestemma? Det er viktig at desse spørsmåla er avklart. Det blir jo meir leiing og meir administrasjon, blir det uproblematisk? På den andre sida, kanskje får me god tilgang på fersk, kortreist mat?

3 Bønder i byen? Nei.