-Me håpar dette skal gi eit løft for heile Finnøy-idretten, seier leiaren i byggekomiteen, Erling Bleie til Øyposten.,

Bleie viser gjerne rundt i det nye klubbhuset, som  er som natt og dag i forhold til det gamle idrettshuset som stod på same tomta. Gordon Sunde frå Fogn har teikna og prosjektert nybygget, som har stor åpne glasflater mot idrettsbanane.

-Det har vore ein spennande jobb å få alt på plass, seier  Bleie vidare. Største utfordringa blei rivinga av det gamle idrettshuset.

Her gjekk alt langt frå etter planen. Ingen melde seg til å ta over bygget, som idrettslaget var viljug til å gi bort gratis. Transportkostnadane var truleg den største bøygen. Til slutt blei det bestemt at det skulle rivast og malast opp og bli byggegrunn, men heller ikkje det gjekk smertefritt. For mykje av byggverket måtte likevel køyrast bort.

-Bygginga av idrettshuset i 1975 kosta 547.000 kroner, men det kosta oss 900.000 kroner å riva det, opplyser Bleie.

Men når det staselege nybygget i dag står ferdig, høyrer desse sutene fortida til. Bygginga påfører Finnøy Idrettslag ei gjeld på 1,6 millionar kroner, som laget fint bør klara å leva med, meiner byggesjefen.

Det er Ladstein Bygg som har hatt hovedentreprisen, og  små og store sponsorar har bidratt sterkt til finansieringa. Brit Elin Nordbø har vore med og gjort fargevalet, og Cathrine Selvaag har designa kjøkkenavdelinga. I tillegg til gåver og sponsormidlar er det også gjort ein god del dugnadsinnsats.

Stolar og møbler har dei fått av eit oljeselskap som skulle flytta og byta ut møblementet, og som tilfeldigvis hadde ein av sjefane busett på Finnøy.

Bygget har ein stor velkomsthall i første etasje, og ein tilsvarande, men noko meir påkosta avdeling i andre etasje. I andre etasje er det også utgang til veranda langs heile fronten med flott utsikt over idrettsanlegget. Både avdelinga i andre etasje, som har tilknytning til storkjøkkenet, og avdelinga nede skal kunna leigast til festlege lag og anledningar. Kvar av avdelingane har plass til 40-50 gjester.

Garderobeavdelinga i det gamle idrettsbygget frå 1995 er tatt vare på og bygd inn i nybygget, som har ei total grunnflate nøyaktig lik det gamle idrettshuset.

Det nye klubbhuset er det tredje for Finnøy Idrettslaget i området. Det første var Tippen, som ligg bare eit godt straffespark aust for nybygget. Her hadde Finnøy Idrettslag sin først fest i juli 1945.

-Det var fest med dragspelmusikk og dans. Maten måtte folk halda sjølv, men drikke spanderte idrettslaget. Det kom 180 gjester, og overskotet blei 515 kroner. Det blei det første innskotet til Finnøy Idrettslag i banken på Finnøy, kan Bleie fortelja.