Både Mastra og Finnøy får bortekampar i serieopninga

Mastra sitt A-lag i 5.divisjon møter Tjensvoll på bortebane i den første seriekampen torsdag 16. april. Måndagen etter, den 20.april, reiser Finnøy til Midjord for å møte Brodd 2. 

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Det ligg an til mange spanande og prestisjefulle lokaloppgjør i Ytre Ryfylke, når både Midtbygdene frå Tau, Kvitsøy og Randaberg 2 også er i den same divisjonspulja. Og alt i den 3. og 4. serierunden er det klart for tøffe nabooppgjerd, når Finnøy tek imot Kvitsøy på Leikvoll torsdag den 30. april, for deretter å ta turen over til Vikevåg til prestisjeoppgjøret mot Mastra, runden etterpå, den 7.mai. Den 15.juni er det klart for eit nytt og prestisjefullt nabooppgerd på Vikevåg, når Randaberg 2 tek turen gjennom Byfjord- og Mastrafjordtunnelen.,

Siste serierunde vert avvikla den 22.oktober. Der møter Finnøy bylaget Paradis borte, medan Mastra tek turen til Tasta for å møta laget som kanskje på papiret er den sterkaste laget i pulja og opprykksfavoritt. Då om ein tek utgangspunkt i fjorårets sesong, der laget kom på ein sterk 2. plass.

Publisert: