Rita Lindås og Birger W. Hetland inviteter til treff i Innbyggartorget i haust. Alt på torsdag står skule på programmet, med leiaren av utvalet for oppvekst og utdanning i Stavanger kommune, Eirik Faret Sakariassen (i midten).

FINNØY: -Me satsar på ein haust med eit program som spenner over eit vidt spekter, alt frå bondekafe til peparkake-konkurranse, seier koordinator for Innbyggartorget på Finnøy, Rita Lindås til Øyposten.,

Lindås oppfordrar finnøybuen til å bruka tilbudet, som skal vera ein "lågterskel" møteplass for innbyggarane i kommunedelen.

På torsdag kjem leiaren for utvalet for oppvekst og utdanning, Eirik Faret Sakariassen til Finnøy for å ha møte på Innbyggartorget om skule og utdanning. 27. oktober er det Frode Myrhol sin tur. Myrhol er leiar for utvalet for by- og samfunnsutvikling, og skal snakka om arealbruken i kommunen. Stavanger kommune har nå den nye arealplanen til behandling, og eit av punkta der er å vidareføra politikken om at det skal vera lettare å byggja på øyane utan fastlandsforbindelse enn på øyar med.

Innbyggartorget tek opp igjen praksisen med å ha ein politikar frå kommunedelsutvalet på plass kvar tysdag. Det begynner 5. oktober då det blir mulig å treffa leiaren i kommunedelsutvalet, Birger W. Hetland (sp) og ta opp aktuelle saker med han.

-Hensikten er å minka avstanden mellom dei folkevalde og publikum. Me er åpne både for innspel og for å orientera om dei sakene som er på gang, seier Birger Hetland.

Tysdagar og onsdagar blir det også mulig å treffa politiet på torget.

Nytt i haust er skravlelunsj og bondekafe. Det først nemnde er tenkt som ein møtestad kor alle frå gründarar til studentar og heimeverande kan treffast over ein kopp kaffi og utveksla gode idear, mens bondekafeen skal vera eit treffpunkt mellom landbruks- og havbrukskontoret og næringa. Den første bondekafe'en blir 21. okrober, og då er friluftskartlegginga i kommunen tema.

Elles blir det barseltreff, også for pappa'er, TV-aksjon og rådgjeving for høyrselshemma. Og ikkje minst blir det peparkake-konkurranse, med ein ny vri. For i staden for den tradisjonelle konkurransen om å laga det flottaste peparkakehuset, blir konkurransen her å laga den kulaste peparkake-innbyggaren.