Myrhol: Krev garantier for å seia ja til forskuttering her

Frode Myrhol (fnb) meiner Stavanger kan forskuttere gang- og sykkelevegen frå Nådå til Fåhadlet på Finnøy, men då må fylkeskommunen gi klare garantiar om at Stavanger får pengane igjen seinare.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Hvem skal betale for gnag og sykkelstien fra Nådå til Fåhadlet når bompengene forsvinner?

STAVANGER: -Dette er ein fylkeskommunal vei og eit fylkeskommunalt ansvar, viss Stavanger skal forskuttere pengane til gang- og sykkelvegen her, må fylket koma med klare garantiar om at pengane blir betalt tilbake, seier Myrhol til Øyposten.,

Frode Myrhol vil ikkje forskottera pengar til gang- og sykkelvegen gjennom Vikeleiva. (Foto: Rune Nedrebø)

Fjerninga av bompengane i Finnfast frå 1. juli gjorde at finansieringsplanen for gang- og sykkelvegen på Finnøy fall i fisk. Opplegget var nemleg å forlenga bompengeinnkrevinga med åtte månader for å skaffa 25 millionar kroner frå bilistane til bygginga. Resten, fem millionar kroner, skulle fylket bidra med. Viss dette opplegget hadde blitt fulgt, og Stortinget hadde godkjent det, kunne bygginga begynt neste sommar.

På spørsmål om Stavanger kommune nå kan bidra med pengane som må til for å få prosjektet bygd, svarar Myrhol.

-Viss fylket kan gi ein slik garanti, vil det heilt klaret vera ei åpning for det. Det er i alle fall noko vi i Fnb  er åpne for å diskutera, seier Myrhol.

https://www.oyposten.no/2021/06/07/frp-forliket-slar-beina-under-gang-og-sykkelevegn/

Men leiaren i fylket sitt samferdselsutval Alexander Rügert-Raustein (mdg) er skeptisk.

-Eg skjønar tanken, men trur ikkje det er noko me kjem til å landa på. Men viss kommunen prioriteter det høgt nok kan det koma med i rulleringa av handlingsprogrammet vårt, seier Rügert-Raustein.

Han legg likevel til at det alt er trongt som det er på fylket sitt investeringsbudsjett.