Finnøy-jakt gir pengar til barn og unge

Hjortejakta på Finnøy i fjor gir klingande mynt i kassa til lag og organisasjonar på øya. Pengane skal brukast til det beste for barn og unge.

Glade gjevarar og fornøyde mottakarar av pengegåva frå hjortejakta i fjor.
Frå venstre Ottar Kveane, grunneigar, Simon Tønnesen, ungdomslaget, Kai Petter Flesjå, grunneigar og leiar i Finnøy hjortevald, Arild Flesjå, Fleirbrukshallen, Gaute Tengesdal, Speidarane, Atle Johan Landa, grunneigar, Kirsten Elin Bergsvik, Skyttarlaget og Jens Børge Flesjå, grunneigar.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

Av Rune Nedrebø,

FINNØY:

Fleibrukshallen, Finnøy kristelege ungdomslag, Finnøy skyttarlag og speidargruppa på Finnøy og Talgje fekk måndag overrekt ein sjekk på 5000 kroner kvar av Finnøy Viltlag.,

Pengane blei mottekne med stor takk av alle fire, som alle har hol nok å putta dei i.

-Det er kjekt å sjå at bygda legg merke til det arbeidet me gjer,  seier leiar i styret i Fleirbrukshallen, Arild Flesjå til Øyposten.

Leiar av Finnøy hjortevald, Kai Petter Flesjå, seier at pengegåva er gitt etter innspel frå grunneigarane. Kvar jeger må betala for dei dyra dei feller, og i staden for å dela pengane ut til grunneigarane, kom det forslag om å heller gi dei til eit godt formål på Finnøy.

-Det er ei god løysing, for det ville uansett bare blitt småpengar til den enkelte grunneigar, seier Flesjå, som legg til at det også var grunneigarane som foreslo kva lag som skulle få pengar i år.

Publisert: