Han har all grunn til å smila, Magnar Sandanger, som frå i dag av sparer vel 40 000 kroner i året i reiseutgifter. Foto: Oddbjørg Måland

FOGN:

På veg til og frå arbeidsplassen sin Prima Jæren på Nærbø fem dagar i veka, har han finansiert Finnfast med rundt 40 000kroner per år. Ein utgiftspost som han frå torsdag av kan sjå heilt vekk ifrå.,

Frå same dag kan i tillegg redusera ferjebilletten tur/retur Judaberg med 25 prosent. Ein kostand som fram til i dag har vore på rundt 26 000 kroner i året. Det betyr at Sandanger slepp unna med 19 500 kroner i reiseutgifter per år mot 66 000, ein reduksjon på heile 70 prosent.

-Har du heisa flagget i dag?

- Ha ha, det er sjølvsagt kjekt å spara pengar, men me som bur i Finnøy, og særleg på øyane er vane med å betala. Det var ikkje ein økonomisk vurdering som låg til grunn då me velde å busetta oss på Fogn, men eit verdival. For å bu så fint og godt som me gjer her inne, det er eg faktisk villig til å betala for. Alt kan ikkje målast i kroner og øre, og slett ikkje livskvalitet.

- Men 40 000 kroner i året er mykje pengar?

- Ja, det er mykje pengar. Eigentleg skulle pengane me sparer i Finnfast blitt plassert i eit lokalt investeringsfond som kan sikra eit livskraftig samfunn med tanke på nye arbeidsplassar og busetting. Det ville vore god distriktspolitikk, basert på lokale forutsetningar. Me er jo ikkje her for å spekulera på børsen, men for å ta del i det gode liv. Så veit eg at det ikkje er så lett, men eg likar tanken.

I motsett ende kan faktisk 40 000 kroner forrenta eit lån til kjøp av leilegheit i byen. Det kjem sjølvsagt an på storleiken, men eg tenker det kan vera ein ting å vurdera. Eg kjem uansett ikkje til å forskottera pengebruken. Men sidan du spurte, vil eg heist flagget for at gratis passering gir moglegheiter for næringsutvikling og auka busetting i regionen, og ikkje minst på  dei ikkje-landfaste øyane. Det er sanneleg noko eige med ryfylkekulturen, det som blir investert vil me sjå blomstra i levande bygdesamfunn. Med reduserte reisekostnadar er det lettare for verksemder å etablera seg her, det blir lettare å tiltrekka seg kompetanse utanfrå, og det blir lettare for folk som ynskjer å busetta seg å pendla til og frå byen/ Nord-Jæren. Me må heller ikkje gløyma at reduserte driftsutgifter er viktig med tanke på eksisterande næringsliv, for det er nå ein gong slik at lågare kostnadar gir høgare inntening. Eg håpar og trur at dette vil verka positiv på utviklinga av Finnøy. Etter nye Stavanger blir det oftare enn før snakka om dei grøne øyane. Redusert reisekostnad opnar opp for at fleire kan få ta del i «arven» om natur, kultur og levande bygdesamfunn. Det heiar eg på, avsluttar Magnar Sandanger.